Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skattekutt frå Jens lagar budsjett-trøbbel

Del | |
MELAND: ? Reduksjonen i skatteøre slår veldig uheldig ut for oss, seier økonomisjef Kjell Hjertås i Meland. Statsbudsjettet gjer difor budsjettprosessen vanskeleg.
Publisert 07.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me kunne ikkje heilt tru på det då regjeringa tidlegare i år sa at me skulle få behalda auken i skatteinntektene, og no får me rett i det, seier Hjertås.
Det inneber at inntektene i kommunen vert fleire millionar kroner lågare enn det dei så langt har rekna med.
? No må me til å kutta i budsjettet for neste år, og det vert ikkje lett, seier han.
Kommunen får rett nok ein liten auke i inntektene, men ikkje så stor som dei hadde rekna med.
Hjertås seier at dei ikkje hadde fått noko signal om at skatteøret skulle reduserast før statsbudsjettet vart lagt fram i går.

Skatteøre ned
I år har skatteinntektene for kommunane auka sterkt fordi folk tener godt, og regjeringa har vedteke at denne skatteauken skal kommunane få behalda. Men slik vert det ikkje neste år, for regjeringa går inn for å redusera skatteøret for kommunane med 0,7 prosent til 12,6 prosent. Det inneber at ein mindre del av skatten hamnar i kommunane. Difor får ikkje kommunane tilsvarande aukande inntekter neste år. Likevel seier regjeringa at kommunane samla skal få auke på 2,4 milliardar kroner i frie inntekter neste år.

Ingen jubel
Budsjettet som vart lagt fram i går, har ikkje utløyst den store jubelen hos kommuneleiinga i andre kommunar heller. Sjølv ikkje i Austrheim, som neste år får over fem millionar kroner i regionaltilskot, eit tilskot dei ikkje har inneverande år, er ikkje tonen alt for optimistisk.? Etter det eg kan sjå, ligg me bak tala i økonomiplanen når det gjeld inntekter i 2007, seier rådmann Jan Olav Osen.
Det ein får inn på regionaltilskot, vert trekt tilbake andre stader, meiner han.

Ser bra ut
Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt (Sp) er langt meir positiv:
? Etter det eg har sett så langt, ligg me an til å få ein auke på 2,8 prosent i dei frie inntektene neste år, seier han.
Men han presiserer at han ikkje har fått tid til å gå så nøye inn i tala.
Heller ikkje Lindås-rådmann Øivind Søvik har fått studert budsjettala for Lindås, slik at han vil seia noko om dei er positive eller negative.
? 2007 ser ut til å verta eit nytt vanskeleg år for Gulen, seier rådmann Harald Haugejorden til Strilen.
Men han og tek atterhald for at han ikkje har fått studert tala inngåande.
? Her er det verken gråt eller jubel, seier rådmann Vidar Bråthen på Fedje.
2006 var eit svært godt år når det gjeld overføringar, men 2007 ser ut til å vera vanskelegare. Rådmannen har rekna ut at kommunen vil ha vel ein million kroner meir å rutta med, og det tilsvarar om lag lønsoppgjeret.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt