Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skepsis mot vindmøllepark

Del | |
RADØY: Gefion Engineering har søkt NVE om konsesjon til vindmøllepark på Mjøs. I søknaden søkjer dei også om løyve til oreigning, dersom ein ikkje vert samde med ein eller fleire av grunneigarane.
Publisert 12.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dette vert oppfatta som eit svik frå grunneigarar som eg har snakka med, seier Gunnar Mjøs.
Mjøs eig ikkje sjølv grunn der parken skal koma, men eig ein bustad som ligg 400 - 500 meter frå vindmølleparken. Han er sterkt imot dette prosjektet. Det han fryktar er lågfrekvent støy frå anlegget, noko han meiner er den mest plagsame støyen. Han fryktar og at bustadprisane i området går ned med 15 til 20 prosent, og lurar på om kven som skal dekka dette. Han viser til liknande saker andre stader, og der har busetnaden rundt slike anlegg ikkje fått noko som helst erstatning.
Mjøs reagerer dessutan på at Gefion skriv i søknaden at det kan etablerast ein djupvasskai i området, noko han ikkje kjenner til at det er informert om tidlegare.

«Lågt konfliktnivå»
I søknaden skriv Gefeon at dei har oppnådd leigeavtale med grunneigarar på ein del av området. Dei skriv og at dei vurderer konfliktnivået rundt prosjektet som mindre enn ved mange andre liknande prosjekt. Dette kan ikkje Gunnar Mjøs forstå.
? Etter det eg har inntrykk av, er motstanden mot prosjektet stor og aukande, seier han.
Han meiner også at Gefion må laga ei visualisering av korleis vindmølleparken kjem til å ta seg ut, slik at folk verkeleg kan ta stilling til saka.

Kommunestyret avgjer
Torsdag tek kommunestyret stilling til om dei skal godkjenna at Gefion kan starta reguleringsarbeid i området. Seier dei ja, kan Gefion starta reguleringa, og alle som vil kan uttala seg i saka. Deretter skal kommunestyret seia ja eller nei til den endelege reguleringsplanen, eller koma med framlegg til endringar.
? Kommunestyret er suverene når det gjeld å godkjenna reguleringsplanen eller ikkje. Sjølv om dei gjev løyve til reguleringsarbeid, kan dei seia nei til den planen som seinare vert lagt fram. Seier kommunestyret nei til planen, er det ingen som kan oreigna grunn, seier Asbjørn Toft ved teknisk kontor i Radøy. Han meiner formuleringa om mogleg oreigning er standard i slike konsesjonssøknader.
BKK/Vestavind Kraft AS har også vist interesse for å etablera vindmøller på Mjøs. I eit brev til Radøy kommune skriv dei mellom anna at dei vil kontakta Gefion, med tanke på å drøfta eit mogleg samarbeid.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt