Skitrekk dreg opp hytteprisane
Endret 20.08.07 10:49
? Det var akkurat som å slå på ein brytar! Då det vart kjent at det skulle koma skitrekk, vart me nedringte av folk som spurde om det var hyttetomter å få kjøpt, seier Bjørnsen.
Bjørnsen har inntrykk av at det er venteliste hjå fleire grunneigarar som har tomter på gang. Han viser til ledige tomter blant anna på Librotet, men der er det så langt ikkje laga skikkeleg veg fram.
Venteliste
Som eigar av Stordalen Fjellstove, merkar også Hans Henrik Fanebust auka interesse for hyttetomter i området.
? Dei siste tomtene me selde, gjekk for mellom 180.000 og 190.000 kroner i fjor. No har eg fanga opp at det har skjedd vidaresal for kring 100.000 kroner ekstra. Noko kan sjølvsagt tilskrivast skitrekket. Men ein skal hugsa på at det også har vore stor generell prisauke på slike tomter den siste tida, seier Fanebust.
Han har kommunal godkjenning for åtte-ti tomter til. Desse vert utskilde så snart snøen forsvinn, slik at dei kan vera byggjeklare til sommaren. Fanebust seier at han har interessentar til desse tomtene, som er dei siste fjellstova vil selja i denne omgang.
Grunneigar Oddvar Østerbø på Høyanger-sida kan ikkje seia at han har merka ekstra pågang grunna skitrekket.
? Men skitrekket er heilt klart positivt for området, seier Østerbø. Saman med andre grunneigarar jobbar han med å få klar 40-50 nye tomter.
? Me har ikkje hatt ledige tomter dei par siste åra, men me har kring 30 på venteliste. No håpar me å ha klar dei første tomtene, i Bjørkelia, til sommaren. Det vert sjølveigande tomter med avkøyring frå Krokevassdammen, seier Østerbø.
Prisen på tomtene vert kring 500.000 kroner med p-plass, straum, vatn og felles avløpsanlegg.
? Eg har ikkje merka negative reaksjonar på dette prisnivået, seier Østerbø.
? Pluss 100.000 kroner
? Så vidt eg veit er det ikkje seld hyttetomter i Stordalen etter at skitrekket vart opna. Men eg vil tippa at trekket dreg opp tomteprisen med minst 100.000 kroner, seier Bjørnar Vik.
Han har laga reguleringsplanane for dei fleste hyttefelta i området, både på Masfjord-sida og over grensa til Høyanger.
Når Strilen opplyser at enkelte hyttetomter i Stordalen vart selde for 70.000 kroner før skitrekket kom, har Vik denne kommentaren:
? Den tid er nok forbi! Frå no av reknar eg med at det er vanskeleg å få seg hyttetomt i Stordalen til under 250.000 kroner, i alle høve dersom det er veg fram, seier Vik.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




