Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skodvin vann Mangerfestivalen

Del | |
RADØY:  Skodvin skulemusikk gjekk til topps under Mangerfestivalen laurdag. Kathrine Reigstad (t.h.) og Julie Konglevoll tok imot førsteprisen på vegne av laget. Til høgre på biletet Bjarne Vaage og Benedicte Torsvik frå Knarvik Skulekorps, som kom på andreplass.
Publisert 25.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Skodvin Skulemusikk vann brassbandklassen for skulekorps, framfor Knarvik Skulekorps og Hordabø Skulemusikklag. Heilt uventa var dette ikkje, då Skodvin i ei rekke år har halde seg på eit høgt nivå under dirigent Knut Harald Rydland. Dei har og konkurrert i 1. divisjon i NM, medan Knarvik har konkurrert i 2. divisjon.
Rossland skulekorps vart nummer to etter Hellen Skoles Musikkorps i klassen for generasjonskorps ? men her var det og berre to korps med.
Ingen lokale korps deltok i klassen for janitsjar. Her var det Os og Kuventræ Skulekorps som gjekk til topps.

Satsar på aspirantar
Festivalen er eitt av dei største arrangementa i Nordhordland med om lag 730 musikkantar i sving. Dette er sjuande året festivalen går av stabelen. Oppgåvene er godt innarbeidd blant alle som arbeider dugnad, fortel Rune Oldervik hjå arrangørlaget Manger Skulemu-sikklag.
Oldervik fortel at det er stabil påmelding til festivalen, som er ei viktig inntektskjelde for laget. I år deltok 16 korps og fire juniorkorps i tillegg til 200 aspirantar. Dette er heilt på grensa av kva denne festivalen har kapasitet til. Det litt spesielle med Mangerfestivalen er at dei satsar mykje på å gje eit tilbod til aspirantane. Dei unge lovande fekk instruksjon heile dagen av blant andre elevar frå Manger Folkehøgskule. Dei øvde mest på eit nyskrive stykke som heiter «First calypso», skrive av saxofonisten og jazzmusikaren Olav Dale. For aspirantane vart det og god til leik, fotballspel og film i kinosalen på Manger.

Flott festkonsert
Stemninga var stor både før og under festkonserten på kvelden med fleire hundre publikummarar. Manger Musikklag (MML) opna konserten med ein forrykande versjon av hovudtemaet frå Indiana Jones-filmane, under leiing av dirigent Stian Svendsen. Deretter svinga det god frå Olav Dale, aspirantane og musikklaget med «First calypso».
Olav Dale og MML framførte deretter ein svært stemningsfull, oppjazza versjon av «Eg veit i himmelrik ei borg», eit av dei verkeleg store musikalske høgdepunkta på konserten. Musikklaget held fram med eit arrangement av «Someone to watch over me», George Gershwin, før Manger Skule-
musikklag og MML som felleskorps avslutta denne delen med svært fengande riverdance ? tredje sats frå verket «Cry of the Kelts».

Skodvin jubla
Slike festkonsertar er litt spesielle fordi mange i salen er mest spente på det som kjem etter konserten ? nemleg offentleggjering av resultata frå konkurransen. Og Skodvin kunne sleppa jubelen laus når vinnarane var annonsert.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt