Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skralt busstilbod for funksjonshemma

Del | |
MELAND: Bur du i Nordhordland og brukar rullestol, er det ikkje mange bussar du kjem deg inn på. Og dei færraste busslommer har rampe som gjer at du kjem inn i bussen. ? Her er det framleis ein kant som er for høg, viser Anne-Berit Kolås. På den nye bussterminalen er det laga nedsenka fortauskantar for rullestolar og barne- vogner, men der er framleis ein kant som skaper problem for rullestolbrukarane.
Publisert 14.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Denne veka aksjonerte Norges Handikapfor-bund for å få eit betre kollektivtilbod for funksjonshemma. Men i Nordhordland var det ingen aksjon.
? Det kjem av at her er tilbodet så dårleg at det rett og slett ikkje er nokon vits å aksjonera, seier Anne-Berit Kolås til Strilen.
Ho bur på Frekhaug og er nestleiar i regionstyret i Handikap-forbundet.
? For det første har HSD berre nokre få bussar som er tilgjengelege for folk med rullestol, seier Kolås.

Manglar rampe
Det andre problemet er at nesten ingen busstopp har påkøyringsrampe.
? Dermed vil det ikkje vera til så stor hjelp om det kjem bussar med inngang for rullestol. Utan rampe kjem ein seg ikkje inn i bussen likevel, forklarar Kolås.
På den nye bussterminalen på Frekhaug er det påkøyringsrampe, men likevel er ikkje Kolås nøgd.
? Sjå her er det ein kant likevel. Sjølv om han ikkje er så høg, er det nok til å laga problem for rullestolen, viser ho.
Kolås tykkjer det er synd at når utbyggjar først gjer noko for å leggja til rette for funksjonshemma, vert det ikkje gjort godt nok.
? Dette burde vera ei enkel sak, meiner ho.

Kom inn
Medan Strilen og Kolås snakkar, kjem ein av HSD sine nye minibussar inn på terminalen. Me spør sjåføren om me kan få ta eit bilde for å visa at ho ikkje kjem inn i bussen med rullestolen. Men der tek me feil.
? På desse bussane er det påkøyringsrampe bak, svarar bussjåføren og viser.
? Dette visste eg ikkje, seier Kolås etter at ho har testa rampen.
Rett nok var døra litt smal, men med hennar vesle rullestol kom ho inn. Anne-Berit Kolås meiner målet må vera at funksjonshemma har like godt kollektivtilbod som funksjonsfriske. Slik er det absolutt ikkje i dag. Og slett ikkje i Nordhordland.
? Her er me stort sett avhengige av å køyra sjølve, eller å leiga drosje som kan ta rullestol.
Ho innser at det vil vera langt fram før alle bussar og busstopp er tilrettelagde for funksjonshemma, men håpar at arbeidet i det minste snart kjem i gang. For til no har lite skjedd.
 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt