Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skreddarsaum er god butikk

Del | |
LINDÅS: Seilmaker Service AS på Seim hadde ei skattepliktig inntekt på nesten 2,5 millionar kroner i fjor, noko dagleg leiar Arne Dalland (til venstre) er godt nøgde med. Jan Erik Hella ser heller ingen grunn til å klaga.
Publisert 23.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er maskinene som gjer at me etter kvart har vorte leiande i landet på denne typen industripresenningar, seier dagleg leiar Arne Dalland i Seilmaker Service AS på Seim.
Den vesle verksemda med åtte tilsette hadde i fjor ei skattbar inntekt på vel 2,4 millionar kroner. Det plasserte verksemda blant dei mest lønsame i Lindås, ikkje minst viss ein ser inntekt pr. tilsett.
Omsetninga i 2004 var på 12,8 millionar kroner.
I tillegg til presenningar lagar Seilmaker Service mellom anna plasthallar, oljelenser og reklamesegl.

Oljeindustrien
? Me produserer for ulike typar industri, men oljeindustrien er den viktigaste, seier Dalland.
Det inneber at når det er gode tider der, vert det gode tider for Seilmaker Service også.
Det var i 2002 at Seilmaker Service flytte frå Litlebergen i Meland til det nedlagde meieriet på Seim. Det har dei ikkje angra på.
? Her har me god plass, seier Dalland.
Snart skal dei investera i endå meir sveiseutstyr som gjer at dei kan laga nesten uavgrensa store presenningar.
2005 ser også bra ut, og Dalland reknar med ein auke i omsetnaden.

Tomtesal
Eit anna selskap som plasserer seg høgt på lista, er Reknes Hus AS. Med nesten ti millionar kroner i skattepliktig inntekt kjem byggefirmaet på fjerdeplass, berre slått av eit trekløver på Mongstad.
? Me selde eit tomteareal inn mot Gjervik i Knarvik, gjev dagleg leiar Arvid Hindenes som forklaring på det svært gode resultatet.
Arealet har firmaet hatt i fleire år, men sidan området er regulert til tettare busetnad og ikkje einebustader, var det ikkje så interessant å ha for Reknes Hus.
? Så det er ikkje gode tider i byggebransjen som gjev det gode resultatet?
? Nei, der er konkurransen hard, seier Hindenes.

Pengemaskiner
Som vanleg vert inntektslista toppa av dei tre mongstadbaserte selskapa Mongstad Eiendomsselskap AS, Mongstadbase AS og Mongstad Administrasjon AS. Desse selskapa hadde i 2004 eit resultat på linje med det dei har hatt dei siste åra.
Også andre «pengemaskiner», som Møbelutsalget Bjarne Foss AS, Bjørn J. Wågenes AS (Rema 1000), Vestnorsk Brunnboring AS, Fargehuset Villanger AS og Foss Eiendom AS hadde solide resultat i fjor. Bak Marin AS står Olav Kåre Vatnøy, i Håkå Invest AS er Henning Knutsen dagleg leiar.

For heile lista over resultat og skatt for verksemder i Lindås, sjå Strilen laurdag 22. oktober

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt