Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skuldar Helse Bergen for tjuveri

Del | |
Helse Bergen viser både maktarroganse og tendens til å opptre som lommetjuv, heiter det i ein krass uttale frå Nordhordlands-kommunane i saka som gjeld kutt i ambulansetenesta.
Publisert 09.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Uttalen er underteikna av regionrådsleiar Håkon Matre og Lovisa Midtbø på vegner av rådmennene. Ernst Horgen skriv under for legane og Ørnulf Lillestøl for Samarbeidsutvalet for legevakten.
Bakgrunnen for dei uvanleg krasse ordelaga er Helse Bergen sitt styrevedtak om å redusera bemanninga i ambulansetenesta i Nordhordland. Lokalt vert dette oppfatta som at legar ved legevakta i Knarvik skal gå inn som sidemenn dersom eine ambulansen berre har eitt vaktmannskap på kveld og natt. Skulle det skje, vil legevakta i Knarvik vera utan lege den tida den eine legen som har vakt, er med ambulansen.
«Det er svært uvanleg at ein kan meina at andre sine tilsette (kommunelegane) skal gjera oppgåver som ligg hjå føretaket», heiter det i uttalen. Det er dette som i uttalen vert kalla tjuveri av både personell og pengar frå kommunane.
Frå lokalt hald vert det også reagert sterkt på at kommunelegane og ordførarane i Nordhordland ikkje er involvert eller førespurde. Vedtaket som er fatta, vil skada ambulansetenesta og legevakta, og dei skadelidande vil vera innbyggjarane i regionen, heiter det i uttalen. Brevete avsluttar med at Helse Bergen er pålagt å driva samarbeid, ikkje maktarroganse.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt