Skule som går på helsa laus
Endret 20.08.07 10:49
Verneombod Oda Vetaas og tillitsvald Beate Rørdal viser til at rådmannen forlengst er orientert om situasjonen av klubben ved skulen. Men ikkje noko er gjort.
Ikkje berre har lærarar og andre tilsette for liten plass etter arbeidsmiljølova. Det lærarane er mest urolege for, er inneklimaet. Den mangelfulle ventilasjonen er nemleg heller ikkje i samsvar med lovverket.
Allergi og sjukemeldingar
? Det er vanskeleg å bevisa noko, men fleire av oss har fått plager med astma og allergi som me ikkje har hatt på andre arbeidsplassar, seier Vetaas og Rørdal.
Dei viser og til sjukemeldingar dei er sikre på må tilskrivast det dårlege arbeidsmiljøet.
? Ofte merkar du belastninga på jobb så lenge at det går ut over fritida, seier Oda Vetaas. På det felles arbeidsrommet kan det vera så varmt at lærarane heller flyktar heim og gjer arbeidet sitt der.
? Me har måtta setja foten ned for krav om meir arbeidstid på skulen, på grunn av dei dårlege lokalitetane, seier Beate Rørdal.
Seim-rektor Egil Olsvold trur dårleg ventilasjon og for tronge arbeidsplassar er gjengs ved dei fleste skulane i Lindås, der altså ingen «er godkjent etter forskrift om miljøretta helsevern».
Trongt
Dårleg skulevedlikehald skal opp i formannskapet i dag. Når Seim-lærarane får Strilen på besøk, klarer dei ikkje å halda frustrasjonen tilbake.
Det er heller ikkje vanskeleg å få sympati for plassen kommunen tilbyr 15-16 lærarar, assistentar, sekretær og rektor på Seim. Med lengsel i blikket fortel enkelte at dei har høyrt om lærarar på Ostereidet som har eigne kontor.
Lærarane på Seim viser også ei bratt og farleg loftstrapp som er i dagleg bruk. Loftet er brukt til blant anna lærebøker og papirlager.
? Som verneombod har eg vurdert om me bør stengja den farlege trappa, men me har ikkje annan lagerplass, seier Vetaas fortvila.
Ille også for elevane
I eit klasserom svarer nokre elevar klart ja når Strilen spør om inneklimaet er dårleg. Lærarane stadfestar dette og at fleire klagar over hovudverk.
? Om sommaren kan det vera så varmt at me må ta elevane ut frå klasseromma. Om vinteren kan temperaturen vera ned mot 12 grader om morgonen. Då må me vera kreative, som å springa rundt med elevane i gymsalen til me får opp temperaturen i klasseromma, seier Vetaas.
Dei praktiske problema kring det å ringja til foreldre, PPT eller barnevern, er eit sorgens kapittel for seg. Nokre lærarar brukar private mobiltelefonar. I andre tilfelle må dei be kontordama gå ut or sitt kott på fem rutemeter for å låna hennar telefon.
Som avslutning på runden viser verneombodet fram gute-toalettet, oppussa på enklaste måte. Ei underleg lukt, ikkje av kloakk, slår mot den som må innom. Er det framleis muggsopp på skulen? undrar verneombodet. Ho må forlata toalettet i løpet av åtte-ti sekund og er i stuss om det bør gjennomførast nye målingar for å fastslå om muggsoppen verkeleg er borte.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




