Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skuleopprør førte ikkje fram

Del | |
LINDÅS: Terje Hugo Aarvik (Ap) og alle dei andre politikarane i Lindås vart torsdag ettermiddag møtte av sinte elevar, plakatar og taktfaste rop om blant anna «Nei til storskule» i Knarvik. Kring 800 underskrifter mot stor ungdomsskule i Knarvik, samla inn blant anna 17. mai, vart overlevert til politikarane. Ved 18.30-tida viste avrøystinga at kommunestyret støtta fleirtalet i formannskapet. Politikarane vil mellombels flytta Alversund-elevar til Knarvik og på permanent basis Leiknes-elevar til Ostereidet. Men ei ny vurdering for Alversund og Knarvik skal gjerast to år tidlegare enn planlagt, i 2010. Det var litt brutalt sagt det einaste aksjonistane oppnådde.
Publisert 18.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Før møtet var Synnøve Solberg ein av elevane som skreik høgt og vifta med parolen «Nei til storskule». Utanfor inngangen til Knarvik Sjukeheim, der møtet vart halde, hadde det møtt opp eit par hundre elevar og foreldre. Spesielt elevane gav kraftig lyd frå seg.
Synnøve Solberg fekk også sjansen til å kviskra nokre ord i øyra på både Terje Hugo Aarvik og andre folkevalde.
? Tenk på folk og ikkje berre på pengane! var det eg sa til dei, opplyste Synnøve til Strilen.
Seinare hadde ordførar Tove Linnea Brandvik både lytta til elevar og foreldre og tatt imot 800 underskrifter frå aksjonen.

«Slaget tapt»
Men fire timar etter møtestart var «slaget tapt». Høgre og Frp nådde ikkje fram med ei klar formulering og forsikring om ny skule i Alversund. Heile kommunestyret samla seg deretter om ei mellombels overføring av elevar frå Alversund til Knarvik frå hausten 2007. På permanent basis vil kommunestyret overføra Leiknes-elevane til Ostereidet ungdomsskule, også frå hausten 2007. Men det er ei krinsendring som etter lova må ut på høyring blant anna hjå FAU.
Vedtaket er i grove trekk i tråd med framlegget frå formannskapet. Ei endring er at vurderinga av situasjonen i Knarvik og Alversund skal koma alt i 2010, ikkje i 2012. Men uansett var det ein gjeng skuffa foreldre som følgde heile debatten og som etter møtet møtte lokalpressa:
? I Knarvik er me ikkje nøgde med eit slikt vedtak om å flytta Leiknes-elevane til Ostereidet, var reaksjonen frå Nina Grøttveit straks etter møtet.

«Berre jobba vidare»
Ein av dei aktive i folkeaksjonen i Alversund, Arne Sæbø, innsåg at slaget var tapt i første runde. Men han meiner krinsen må jobba vidare og utarbeida planar for ein ny ungdomsskule i Alversund.
? Finn i så fall ei anna tomt enn i industriområdet i søre Alvermarka, var rådet frå Karl Johan Olsen, tidlegare Ap-politikar i Knarvik Han minna og om at nye politikarar innan 2010 kan koma til å gjera nye vedtak enn det som nyss var gjort. Olsen viste til at han sjølv hadde vore med på å gjera vedtak om 1-9 skule i Seim. Og kor er den skulen? spurde Olsen.
? Me ser at me ikkje har nådd fram no. Men frå FAU si side er me nøgde med at politikarane vil dela 1-10 skulen i Alversund i to, kommenterte leiar Nina Bauge. Ho varsla at FAU vil ha eit møte før ein seier noko nærare om kva neste steg vert frå foreldra si side,



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt