Slår ring rundt skule og barnehage
Endret 20.08.07 10:49
Ølflasker og sneipar
? På måndagar må me gjerne rydda vekk tomme ølflasker, sigarettsneipar og anna boss, fortel Aamodt. Ho fortel også at dei finn benkane på skuleplassen kvelva og kasta rundt omkring.
Ho synest det er veldig synd at folk byrjar å øydeleggja ballbingen.
? Dette er veldig respektlaust i forhold til denne flotte gåva me har fått. Det er også born som seier dei kvir seg til å bruka skuleplassen og ballbingen på kveldstid, seier rektoren.
Skulen støttar fullt ut flygebladet frå Flatøy Bygdelag og Flatøy Kvinne og Familielag, som oppmodar vaksne til å leggja turen innom skule- og barnehageområdet på kveldstid og i helgene. I flygebladet, som er sendt ut til husstandane på Flatøy, skriv laga mellom anna at dersom det er tett med vaksne i eit område, verkar dette preventivt.
? Kjekt med ballbinge
Elevane Christina Austegard og May Britt Birkeland synest også det er synd at folk øydelegg ballbingen og går laus på området rundt skulen. Dei viser fram skadar på fotballnett, oppskrapa skilt, svidde plankar og innrissingar i treverket. Dei peikar også på sigarettpakkar og anna boss som ligg på bakken.
? Det er ikkje noko gøy når det vert så stygt her, seier Christina Austegard.
Mykje brukt
Dei to jentene set stor pris på ballbingen, og seier det er kjekkare i friminutta etter at den kom på plass.
Dei håpar at dei som driv og øydelegg på denne måten, skal slutta med det.
? Det var Flatøy Kvinne og Familielag som tok opp denne saka, og eg støttar innhaldet i flygebladet, seier Dag Gjert Thomassen, leiar i bygdelaget.
Han seier at ballbingen vert mykje brukt av borna i området, og at det heldigvis ikkje er snakk om store skadar.
Laget skal drøfta saka nærmare på eit møte over helga. Blant tiltaka dei vurderer er å setja opp eit skilt med forbod mot sykling i ballbingen.
? Det er utruleg dumt dersom noko folk har bygd opp på dugnad, skal verta øydelagt av hærverk, seier Thomassen.
Klarar dei å få mange vaksne til å leggja turen innom området, har han god tru på at tilhøva vil verta betre.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




