Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Slik kan MASFJORDBRUA verta...

Slik kan MASFJORDBRUA verta...

Del | |

Får Masfjorden bru, kan det verta ei hengebru kalkulert til 583 millionar kroner eller ei flytebru til 600 millionar.

Publisert 13.12.11 10:30
Endret 13.12.11 10:32

– Eg har ikkje fått tid å sjå på teikningane, men vegvesenet har laga eit notat der både hengebru og flytebru er med. Det er godt at dette no har kome på bordet, sjølv om det er er litt forseinka.

Det seier tidlegare ordførar Håkon Matre, som har hatt kontakten med Vegdirektoratet si bruavdeling. Han har no oversendt både notat og alle skisser til rådmannen i kommunen for vidare behandling.

«Gamle-ordføraren» i Masfjorden meiner kommunen bør stå sterkt når ein går vidare for å få gjennomslag for prosjektet.

– Når Hordaland fylkeskommune kan bidra i eit prosjekt som Jondalstunnelen til 800 millionar kroner, må det kunna forsvarast like godt å delta i denne brua, seier Matre.

Hengebru
Når det gjeld pris, har Statens vegvesen sine ekspertar brukt Dalsfjordbrua som grunnlag for ei hengebru.

Dalsfjordbrua er under bygging med eit hovudspenn på 523 meter. Ei hengebru over Masfjorden vil ha tilnærma same utforming av stålkasse, tårn og forankring som brua i Sunnfjord.

Hovudspennet  Masfjorden vert kring 710 meter, og kabellengda vert kring 1200 meter med ei vekt per kabel på 150 tonn.
Fundamentering for brutårn kan spela inn på den kostnaden vegvesenet sine folk har rekna ut. Dersom spennvidda må aukast, vil det også auka kostnaden.

Eller flytebru?
Skal det satsast på flytebru, meiner vegvesenet ein kan bruka Bergsøysundbrua som grunnlag for kostnaden. Det er den andre flytebrua som vart bygd her i landet, opna to år før Nordhordlandsbrua.

Bergsøysundbrua mellom Aspøya og Bergsøya i Møre og Romsdal har nokså nøyaktig same lengde som ei flytebru over Masfjorden vil få.
Stål for 330 millionar kroner utgjer den største delen av kostnaden dersom det vert bygd flytebru. Betong i flytepontongane vil koma på kring 70 millionar.

Då Bergsøysundbrua vart bygd for 20 år sidan, var prislappen kring 200 millionar kroner.

Forprosjekt
– Bruavdelinga i Vegdirektoratet har hatt det svært travelt med prosjekt som det er løyvd pengar til. Difor var det ei forseinking for Masfjordbrua, slik at me ikkje fekk fram planane for det gamle fylkestinget, opplyser Matre.

Kommunen har engasjert Helge Hopen, også innleigd for å jobba fram Nordhordlandspakken, for å få klart eit forprosjekt for Masfjordbrua.

– Når geologiske undersøkingar er unnagjort, håpar eg at forprosjektet kan vera klart i første kvartal i 2012, seier Matre.

Han overlet no til nye politikarar i kommunen å kjempa fram prosjektet. Sjølv om prislappen har vorte litt høgare enn Matre hadde rekna med, har han god tru på å få politisk gjennomslag.

– Konsesjonskraftmidlar frå fylket må kunna inngå i finansieringsplanen. Masfjorden kan nok og bidra, men i eit så stort posjekt vert nok det eventuelt berre i mindre målestokk, seier Matre.

HENGEBRU: Slik kan ei hengebru mellom Masfjordnes og Duesund ta seg ut etter Vegdirektoratet sine teikningar. Siste prislappen er no på 583 millionar kroner. HENGEBRU: Slik kan ei hengebru mellom Masfjordnes og Duesund ta seg ut etter Vegdirektoratet sine teikningar. Siste prislappen er no på 583 millionar kroner.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt