Slik kan Matre verta!
Endret 20.08.07 10:49
Både ved hjelp av kart og ein animert videofilm viste Arne Kristian Kolstad korleis Rambøll tenkjer seg utvikling på Matre, noko han tykte var eit spennande oppdrag.
? Då kommunen spurde om me kunne tenkja oss i gjera dette prosjektet, tenkte me: «Dette må me vera med på», fortalde Kolstad.
Sentrum
Eit levande bygd treng eit levande sentrum. Rambøll vil satsa på eksisterande sentrum og vidareutvikla dette. Dei vil flytta Bjørn West-museet dit. I tillegg vil dei ha eit kafetilbod, gjerne på hotellet som ligg der i dag, og dei vil flytta kinosalen til kaien. Småbåthamn og gjestebryggje ligg og inne i planane.
? Me ser for oss eit sentrum der dei ulike aktivitetane spelar saman, sa Kolstad.
Ein open plass med ei utescene nede ved kaien hadde dei og teikna inn.
Ved E-39
? Me treng fleire besøkjande for å overleva. Det får me ikkje der me ligg no. Viss Bjørn West-museet vert flytt opp til E 39, er det større sjanse for at tilfeldige passerande finn vegen innom i tillegg til busslastene som kjem no, sa Alf Solheim, som no har ansvar for drifta av museet.
Fleire andre som hadde ordet på folkemøtet, meinte og at butikk, kafe og andre sentrumsfunksjonar burde byggjast opp i sandtaket. Eit lite opplevingssenter, der både BKK og Havbrukstasjonen kunne presentera seg, var og framme som ein ide.
Diskusjonen om kor sentrum skal liggja på Matre, peikar seg difor ut som eit viktig tema i prosessen, som skal munna ut i ein ny reguleringsplan på Matre.
Sykkelkross
Bruken av sandtaket vert uansett eit sentralt tema. Rambøll meinte det kunne byggjast nokre næringsbygg der for verksemder som vil etablera seg. I øvre del av området ville dei byggja utleigeleilegheiter. Området oppover langs elva kunne nyttast til sykkelkrossbane, ballbane eller andre fritidsaktivitetar.
? Og så må BKK rydda opp i rotet sitt, slik at ikkje det er det første folk ser når dei kjem til Matre frå nord, vart det sagt frå salen.
Kraftspela
Folkemøtet var godt besøkt, og 50-60 personar var til stades. Straks etter møtet var slutt, sette arbeidsgruppa som seg ned for å oppsummera innspela. Rambøll skal så jobba vidare og presentera eit revidert framlegg under Kraftspela i august. Dette må så ut på høyring og gjennom den vanlege saksgangen fram til at kommunestyret kan vedta ein reguleringsplan.
I tillegg må det lagast ein handlingsplan, der dei ulike tiltaka vert tidfesta, og der det vert avklart kven som skal ta kostnaden. Rambøll såg for seg privat medverknad i tillegg til kommunen.
? Og målet med alt dette er å få vekst i bygda, understreka Ørnulf Lillestøl i arbeidsgruppa.
I denne gruppa sit og Frode Langhelle, driftssjef Anne Kristin Rafoss og prosjektleiar Beate Mæsel. På møtet understreka ho at samarbeid og positiv innstilling er viktig får å få noko gjort.
Lysløype
Eit spenstig framlegg i Rambøll sine planar er å laga ei lysløype på Matre, som endar i ei lysnål. Lysløypa starta på transformatoranlegget til BKK, som Rambøll vil lysa opp på kvelds- og nattestid. Så følgjer lysløypa vegen forbi Havbruksstasjonen, over brua og ned til kaien. Formasjonen endar så i ei lysnål på Matresøya. Denne lysnåla er ein lysskulptur som skal stå som ein lyskjegle på toppen av øya. Rundt den er det planlagt ein platting, og gjerne med ei trapp frå sjøen og opp til skulpturen. Arne Kristian Kolstad meinte ein slik konstruksjon kunne gje Matre særpreg, og samstundes symbolisera at det vert produsert elektrisk straum på Matre.
Folk tykte framlegget var spennande, men tvilte på om det ville verta realisert.
Steingjerde og bruer
I Rambøll sitt framlegg vert fotgjengarfeltet over E 39 flytt til sandtaket. Ein tenkjer seg så at to steinbruer kan kryssa elva, slik at gåande og syklande kjem seg ned til noverande sentrum skule og barnehage.
Rambøll vil også byggja steingjerde for å markera skiljet mellom landbruk og busetnad.
? Steingjerde har lange tradisjonar her, sa Kolstad.
Langs vegar og gangvegar vil dei planta tre og buskar.
? Kven skal halda alt dette ved like? vart det spurt.
Her måtte det frivillig innsats til, meinte prosjektleiar Beate Mæsel.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




