Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Slik vert tverrsambandet

Slik vert tverrsambandet

Del | |

Samband Vest AS, som ønskjer veg frå nordre Askøy over Meland til Radøy, har no klart eit forprosjekt. 

Publisert 11.12.11 00:34
Endret 11.12.11 00:36

– Me hadde forprosjektet oppe i styret torsdag, og dette håpar me å presentera for leiinga i fylkeskommunen før jul, seier Kjell Kristensen til Strilen.

Kristensen er nestleiar i Samband Vest AS og eldsjela bak ideen om å byggja veg frå nordre Askøy til Radøy og oppretta ferjesamband frå nordre Askøy til Øygarden.

– Me har fått laga skisser av vegtrasear, berekna stigningstilhøve på vegane og kostnadsoverslag, fortel Kristensen.

Det er konsulent Helge Hopen som har laga forprosjektet. Ikkje røpa Men Kristensen ønskjer ikkje å røpa meir før saka har vore presentert for fylkesleiinga og dei berørte kommunane Øygarden, Askøy, Meland og Radøy.

– Me kjem til å innkalla til ein pressekonferanse i januar, seier han. Kristensen er overtydd om at eit slik tverrsamband vil ha svært mykje å seia for næringsutviklinga i Nordhordland, og han meiner det vil vera mykje betre å satsa på denne vegen enn Nyborgtunnelen.

– Kor mange nye arbeidsplassar vil den skapa? spør han.

Under sjøen Både sambandet mellom Askøy og nordre Holsnøy og vidare frå Meland til Radøy er tenkt løyst med to undersjøiske tunnelar, den djupaste 200 meter under havflata.

– Dermed er det ingen hus eller hytter som vil verta berørte av vegprosjektet, og eg kan berre sjå positive verknader av dette sambandet, seier Kristensen.

Ordførar i Meland, Nils Marton Aadland, er styreleiar i Samband Vest AS, men Strilen lukkast ikkje å få kontakt med han i går.

ELDSJEL: Kjell Kristensen brenn sterkt for tverrsamband frå Øygarden til Radøy. Bildet er frå ein presentasjonstur som Framstegspartiet arrangerte før valet i haust. ELDSJEL: Kjell Kristensen brenn sterkt for tverrsamband frå Øygarden til Radøy. Bildet er frå ein presentasjonstur som Framstegspartiet arrangerte før valet i haust.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt