Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Slutt for oppdrett i Hallandsvatnet

Del | |
RADØY: Det herska ikkje akkurat idyll ved Hallandsvatnet torsdag då Fylkes-mannen var på synfaring for å kontrollera at oppdretts- anlegget var tomt for regnbogeaure. Men partane var på talefot.
Publisert 23.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Regnbogeoppdrettet i Hallandsvatnet har vore ei heit potet over fleire år. Fylkesmannen har kravd stopp i utsettet av regnbogeaure fordi dette fiskeslaget ikkje høyrer til i vassdraget.
Manger grunneigarlag på si side har halde på at utsettet av regnbogeaure er vilkåret for at vatnet er eitt av dei beste og mest nytta sportsfiskevatna i Nordhordland. Dei har argumentert med at fisken ikkje representerer nokon miljøfare sidan han held seg i vassdraget. Men no har grunneigarlaget bøygd seg for overmakta, og torsdag var folk frå Fylkesmannen på synfaring for å forvissa seg om at anlegget var tomt. Det var det. 

Skremmande
Svein Hermansen har vore eldsjela bak utsettet av regnbogeauren. Han har brukt utallige gratistimar på anlegget ut frå interesse for å få opp fiskebestanden. Torsdag måtte han konstatera at ein epoke er over, men han gav seg ikkje utan sverdslag.
? Eg er litt skremd over styresmaktene. Her stoppar dei eit oppdrett som fungerer godt, utan at dei har nokon fiskefaglege argument for å gjera det, sa han.
Han gav dei frammøtte ei lang utgreiing om bakgrunnen for utsettet av regnbogeaure, som går heilt tilbake til begynnelsen av 1970-åra. Fiskemengda har gått opp frå rundt 100 til 5000 kilo i året.
? Dette har ikkje vore noko Texas.  Me har visst kva me dreiv på med, og styresmaktene har vore informerte, sa han.

Rosverdig
? Me har aldri hevda at det de har drive på med her i Hallandsvatnet, har vore noko Texas. Tvert om har me rosa den innsatsen grunneigarlaget har gjort for å få opp fiskebestanden og leggja til rette for fiske, og det er ikkje noko kjekt å seia stopp. Men epoken for utsett av regnbogeaure er slutt, og det har han eigentleg vore i fleire år. Det må me no innretta oss etter, sa fiskeforvaltar Atle Kambestad hos Fylkesmannen og fekk støtte for det hos seksjonssjef Kjell Kvingedal i same etat.

Lite pengar
? No får me innretta oss etter situasjonen og sjå framover. Kva kan de hjelpa til med? ville ordførar Olav Steinar Namtvedt vita.
? Me har ikkje mykje pengar å tilby, men kan gje råd og rettleiing, svarte Kambestad.
For det ein må satsa på no, er å få opp bestanden av den lokale brunauren. Det er ikkje så lett sidan den står på menyen til den talrike gjeddebestanden i vatnet. 

Brunaure
Hermansen føreslo oppdrett av brunaure i Bøvågen for utsetjing i vassdraget lenger oppe når han er så stor at han kan redda seg unna gjeddekjeften.
Også nestleiar Asgeir Nøttveit i grunneigarlaget hadde forsona seg med at epoken for regnbogeaure no er over og var interessert i å sjå framover.
Partane var difor samde om å arrangera eit møte i januar der ein skal drøfta kva som kan gjerast i vassdraget framover for å auka bestanden av brunaure. Då vil finansiering av tiltaka også verta eit tema, og bygdeutviklingsmidlar vart nemnt som ei mogeleg løysing.
Det som er klart, er at Hallandsvatnet som vatn for sportsfiske vil verta dårlegare,  i alle fall i ein overgangsperiode. Regnbogeauren som no er utsett, kan halda seg eit par år, men neppe særleg lenger.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt