Slutt på bilvrak hjå NGIR
Endret 20.08.07 10:49
Får ikkje vederlag
Årsaka til at NGIR stoppar ordninga med mottak av bilvrak, er at det frå nyttår vert innført produsentansvar for kjøretøy. Bilimportørane har organisert vrakordninga gjennom selskapet Autoretur AS.
? NGIR har, som mange andre oppsamlingsstader, fått eit tilbod frå Autoretur om å oppretthalda mottak av bilvrak på vegner av dei. Dette tilbodet kan diverre ikkje aksepterast. NGIR vil berre få oppgjer i form av ein prosentdel av skrapjernsverdien av bilvraka, noko som inneber sterkt reduserte inntekter, samt at NGIR ber all økonomisk risiko i samband med varierande stålprisar. Vederlag for arbeidet med miljøsaneringa (m.a. tapping av miljøfarlege væsker) fell vekk, heiter det i meldinga frå NGIR.
For dårleg tilbod
Fram til no har NGIR fått 600 kroner frå SFT per vrak dei tek imot, men dette tilskotet fell vekk frå nyttår, opplyser driftsleiar Rune Ones i NGIR. I tillegg har dei fått litt av skrapprisen. Det nye tilbodet om berre ein prosentdel av skrapprisen vert for lite og for usikkert, seier Ones, som legg til at dei fleste mottaka av bilvrak i landet no stoppar denne verksemda.
? Mottak av bilvrak er heller ikkje ei oppgåve NGIR er pålagt å gjera. Men me har gjort det for å gje service til innbyggjarane og fordi det var nokre kroner i det, seier Ones.
Han ser at det å stoppa mottak av vrakbilar inneber ulemper for dei bileigarane som vil levera bilvrak, men seier at NGIR ikkje kan halda fram på dei vilkåra som til no er lagt fram.
? Me har fått eit tilbod frå den nye returordninga, og har svara at tilbodet ikkje kan aksepterast. Dei har gjeve tilbakemelding om at dei ikkje vil gje meir, og då kan me ikkje gjera anna enn å stoppa mottaket, seier Rune Ones.
Vil finna nye tilbod
? Me vil gje nye tilbod om levering av bilvrak til folk i område der eksisterande mottak ikkje vil halda fram, seier Hroar Braathen i Autoretur AS.
Han meiner at ein del eksisterande mottak no krisemaksimerer for å pressa fram betre avtalar.
? Med dei stålprisane som er i dag og som me forventar i framtida, vil mottaka koma minst like godt ut av det med dei nye avtalene som med dei gamle, hevdar Braathen, som seier at prognosane tyder på ei fordobling av stålprisen i løpet av nokre får år.
Han kunne i går ikkje seia noko om kvar folk frå Nordhordland og Gulen skal levera bilane sine etter 2. januar, men 3. januar vil ei liste over mottak verta lagt ut på Autoretur si nettside.
Kravet til SFT er at det ikkje skal vera lenger til eit mottak for bilvrak enn 50 ? 70 km, men det kan og verta snakk om ei henteordning, seier Braathen.
Folk heilt sør i Nordhordland vil difor vera innanfor denne avstanden til eit eventuelt mottak i Bergen. Men det vert altså lagt ut ei liste over mottak av bilvrak den 3. januar.
Autoretur AS er eit returselskap som er etablert av bilimportørane for å ivareta deira ansvar for å ta hand om vraka kjøretøy.
Dei har gjort avtale med Stena Metall AS og Bilgjenvinning AS om sjølve gjennomføringa av returordninga.
? Målet til Autoretur er å gjennomføra returordninga på billegaste måte for bilistane. Det er eit non profit-selskap som altså ikkje skal betala utbyte til eigarane, seier Braathen.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




