Sluttar å lova gratis drinkar
Endret 20.08.07 10:48
Gratis cocktail
På den lett synlege, meterhøge plakaten ved baren på Harry, vert det opplyst at alle damer kjem inn gratis mellom klokka 22 og 23. I tillegg står det i store typar nedst på plakaten at damene også får ein gratis cocktail denne timen.
? Desse drinkane er både med og utan alkohol, opplyser dagleg leiar Gunnar Anthun. Alkohollova seier klart i kapittel 8, § 6a, at det er forbod mot å dela ut alkoholhaldig drikke til forbrukarar i marknadsføringsøyemed.
? Eg kan ikkje forstå at plakaten min skal vera ulovleg. Plakaten er ikkje marknadsføring, det er berre ei prisopplysing ved baren, seier Anthun. Han meiner bestemt at han kan selja varene til kva pris han vil. Og opplysningar om prisar må vera lov å gi, meiner han.
Plakaten må ned
Etter å ha ringt Prisdirektoratet og kontor for skjenkesaker i Bergen, ringer Anthun Strilen tilbake. Han har bestemt seg for å ta ned plakaten med det same. At han kan selja til dei prisane han vil, er korrekt. Men om han vil gje vekk noko gratis, kan han uansett ikkje nytta det i marknadsføring i form av ein plakat. Han vil ikkje risikera å mista skjenkeløyvet.
? Eg har hatt utallege skjenkekontrollar her gjennom kommunen. Ingen har sagt noko om plakaten. Hadde dei sagt det var ulovleg, ville eg sjølvsagt tatt plakaten ned, seier Anthun. Han seier at han heile tida har meint at plakaten er ei prisopplysing. ? Eg kan ta dei prisane eg vil for varene mine. Eg har berre ikkje lov til å reklamera for at noko er gratis. Men eg kan skriva i vinkartet mitt at noko er gratis på enkelte tidspunkt, seier Anthun. Om han kjem til å gjera det, har han ikkje tatt stilling til. ? Eg kan gje vekk alt om eg vil, berre ikkje marknadsføra det, seier Anthun.
Følgde ikkje opp
Strilen skreiv den 23. juli i år at å sleppa damene inn gratis kan vera lovstridig. Fungerande likestillingsombod Tone Rogstad Bjellaanes konstaterte med at eit slikt konsept braut med likestillingslova paragraf 3. Paragrafen seier at direkte eller indirekte forskjellsbehandling av menn og kvinner ikkje er tillete. For at Likestillingsombodet skal ta tak i saka, må dei få inn ei skriftleg klage.
Då Strilen gjorde dagleg leiar Gunnar Anthun merksam på dette i sommar, uttalte han at han måtte gjera noko med saka. Om han kom til å fjerna tilbodet, skulle han sjå nærare på.
? Eg kjem til å halda fram med tilbodet. Kvifor skulle eg ikkje det? Med mindre nokon sender klage, treng eg ikkje ta vekk tilbodet, seier Anthun no. Han har fått mange positive tilbakemeldingar på at damene slepp inn gratis, både frå menn og damer. ? Damene synest det er topp å koma inn gratis, og dei fleste menn synest det er supert med mange damer i lokalet. Han trur ikkje det er så mange som føler seg støtt av denne marknadsføringa, og har difor lita tru på at nokon melder det. ? Men dersom nokon melder det til Likestillingsombodet, og dei vurderer tiltaket som lovstridig, må eg jo ta det til vurdering, seier Anthun.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




