Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Snart siste Radøy-galla

Snart siste Radøy-galla

Del | |

MANGER: 10. september går siste dansegalla i Radøyhallen inntil vidare. Det svarer seg ikkje lenger, seier arrangørane. Dei viser og til dårleg oppslutning frå lokalmiljøet.

Publisert 01.08.11 18:33
Endret 01.08.11 18:32

er Helge Bø seier på vegner av arrangørane at dei har bestemt seg for å ta ein pause. Så får tida vise om interessa kjem tilbake i såpass monn at det på ny vert storarrangement med kjente danseband. 10. september kjem Ole Ivars og Aristocats til Manger.Så er det slutt.


Det nest største

Mange er kanskje ikkje merksame på at dansegallaen i Radøyhallen har vore det største kulturarrangementet i Nordhordland etter Knarvikmila. I 11 år no har det vore arrangert to dansegallaer i året, ein på våren og ein på hausten. Desse tilstellingane har trekt mykje folk, faktisk opp mot tusen dansande menneske på det meste, og stort sett ikkje under 800.Til den siste gallaen i vår kom det 640 betalande, og berre ganske få av dei var heimehørande i Radøy eller andre Nordhordlands-kommunar.

 
Lokalsamfunnet sviktar

– Folk kjem lange vegar frå heile Sør-Noreg for å dansa på Radøy, og me får veldig mykje skryt for arrangementet. Men så opplever me at lokalsamfunnet sviktar. Det må me berre ta til etterretning, seier Per Helge Bø.Han vil ikkje stilla seg opp og kjefta på nordhordlendingane. Når dei ikkje kjem, er det eit val dei sjølve tar, og det kan ha ulike årsaker.

 
Musikken i bølgjedal?

– Det er kanskje ein tendens i tida at dansebandmusikken ikkje har heilt den same posisjonen som før, og er nede i bølgjedal. Det er litt vanskeleg å seia. Me kan iallfall ikkje sjå at det er noko gale med arrangementa me har hatt. Folk som kjem utanfrå seier at Manger og Radøyhallen er ein av dei trivelegaste stadene å komma til. Me har i mange år fått mykje godord både frå publikum og artistane, seier Per Helge Bø. Han fortel at dansegallaene på Radøy alltid har gjeve økonomisk overskot, men dei siste gongene har marginane skrumpa kraftig inn. Mesteparten av dei midlane som er tatt ut etter dansearrangementa i Radøy­hallen, har gått til arbeidet i Manger Skulemusikklag, gjennom mange år eitt av landets beste skulekorps.

 
Dyrt å hastore namn

– Utgiftene til å skaffa artistar har etter kvart vorte så høge at økonomien i arrangementa våre ikkje kan gå rundt på ein tilfredsstillande måte. Publikum forventar at me skal stilla med dei mest framståande namna på plakaten, og då vert det kostbart.Bø er inne på at arrangørane på sett og vis kanskje har lagt lista for høgt når dei har henta artistar.Viss toppgrupper som Lasse Stefanz og Ole Ivars stadig vekk kjem tilbake, vert dei etter kvart ikkje like store namn som før. Det kan vera noko der. – Me må iallfall veta at me sit att med noko etter alt det dugnadsarbeidet som vert lagt ned for å arrangera ein slik dansegalla, seier Bø.

Meir i Strilen si papiravis tysdag


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt