Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Snøkaos

Snøkaos

Del | |

KNARVIK: Snøen lagar kaos fleire stader i Nordhordland. 

Publisert 06.12.11 08:42
Endret 06.12.11 11:30

Trafikken stod i stampe både her og der i morgontimane i dag. Kaoset byrja i 7-tida då ein bil kjørte seg fast i bakken frå Isdalstø og opp til Knarvik, og køen forplanta seg i fleire retningar.

– Me har sendt ut folk for å dirigera trafikken. Ein lastebil utan kjettingar kjørte seg fast i bakken og skal ha glidd baklengs ned bakken og vart ståande, melder Lars Geitle i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Han seier at politiet ikkje har fått melding om andre hendingar i trafikken.

– Det er nok føret og uhellet i bakken i Isdal som har skulda for køane rundt Knarvik, seier han til Strilen.

I dag tok det ein time frå Ikenberget til Knarvik, og Strilen har fått melding om folk som har brukt både ein og to timar med bil på strekninga Knarvik-Bergen.

Lastebilen i gymnasbakken vart henta av bergingsbil og kjørt frå staden klokka 9.30. Då stod framleis køen heilt til Åse. I følgje politiet vil bilføraren verta meldt for ikkje å ha skodd bilen skikkeleg for føret.

Det er også meldt om vanskelege kjøreforhald og lågare fart enn normalt på andre vegar i Bergens-område som følgje av snøfallet i natt og i morgontimane.

Kø vart det heilt til Nordhordlandsbrua. Her frå Flatøy. Kø vart det heilt til Nordhordlandsbrua. Her frå Flatøy.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt