Snoop rappar for Sellevold
Verdskjende Snoop Dogg gjesterappar på Erlend Sellevold, alias Ralph Myerz, sin nye singel.
Endret 18.10.11 11:01
Vestkystpendlar Ralph Myerz er aktuell med to plater, fleire singlar og superstjernesamarbeid.
Erlend Sellevold, alias Ralph Myerz, har celebre gjestar på den nye låta og EP’en «Do The Damn Thang» som vart sleppt fredag. Aller størst er det nok at hip hop superstjerna Snoop Dogg gjesterappar på låta.
– Det har vore veldig spennande å jobba med Snoop i studioet han pleier å bruka. Det har vore veldig skjerpande, og eg har opplevt miljøet som mykje proffare og meir seriøst enn det ein gjerne får inntrykk av utanfrå. Ein må tidleg opp og seint i seng. Det er eit veldig fokus på å laga god musikk. Eg har lært veldig mykje av det, seier Sellevold til Strilen.
Lærer mykje, lærer bort litt
Det siste året har Ralph Myerz budd i USA, litt utanfor Los Angeles og heile den neste plata er jobba fram i studioet der. Spennande artistar kom stadig innom, noko som bidrog til at eit tjuetals gjesteartistar er med på plata.
Strilen lurer på om vestkystrapparane har lært noko av artisten frå Alversund.
– Eg har først og fremst lært enormt mykje av dei. Spesielt mange tekniske og musikalske ting. Dei har kanskje lært å gjera det dei gjer i ein norsk versjon. Dei er jo inni ei slags boble der borte, og så kjem eg med ein annan måte å gjera ting på og sjå ting på. Eg håper dei har lært noko, men eg har nok lært meir, smiler han.
Jobba med funk-legende
Den 72-år gamle funk-pioneren George Clinton er ein annan storleik Ralph har fått med seg på plata. Clinton har laga fleire introar til låtar på det nye albumet.
– Han held heilt klart koken og er i toppform enno. Han har gjort enormt mange legendariske plater og har temmeleg god innsikt i den musikken eg held på med. Han er jo eit slags levande leksikon på disko funk, og det er veldig gøy om ein, som eg, er veldig nerdete på dette, ler Myerz.
Clinton har i tillegg til si eiga songkarriere produsert plater for blant anna Red Hot Chilipeppers.
Musikalsk oppleving for Snoop
Snoop Dogg kom til Oslo fredag, for å opptre i Oslo spektrum, men tok seg tid til å kommentera Ralph-samarbeidet til NRK.
– Musikk er alltid kjekt for meg. Eg elskar å arbeida med spennande nye artistar. Det var flott å arbeida med Ralph fordi det tok meg til ei heilt anna side av musikkverda, sa superstjerna til statskanalen.
Om kvelden var det duka for etterpåfest og sleppfest for «Do The Damn Thang» på utestaden Emil & Samuel. Her spelte Tha Dogg Pound og Ralph Myerz med Ciscoe og vener.
– Sleppfesten vart ganske spennande. Det var stappfullt og Tha Dogg Pound, bandet til Snoop, hadde ein fantastisk konsert der dei spelte ein haug med gamle hip hop klassikarar. Det var heilt topp, seier Myerz.
– Men for å vera heilt ærleg, så vart det litt mykje lyd og hoiing til slutt, så eg enda opp med å drikka vin på Litteraturhuset i Oslo i staden. Eg klarar meg godt utan dei store ekstravagante festane, smiler han.
Det er best han kviler medan han kan.
Mange jarn i elden
At Ralph Myerz har det hektisk for tida er å underdriva. Førre måndag kom albumet «Outrun», fredag kom singelen med Snoop Dogg. Neste album, «Supersonic Pulse» kjem i november, og han har fleire singlar og fleire samarbeid på veg.
– Det er litt tilfeldig at begge albuma vart ferdige omtrent samtidig. Eg gir ut to album fordi eg ville visa litt forskjellige ting. «Outrun» er litt roligare disco pop, medan eg får fram meir hip hop på «Supersonic Pulse».
– Eg er veldig glad og nøgd med at singelen har vorte til. George Clinton var den første til å spela inn på den låten. Då synest eg låten passa veldig fint til Snoop, så han måtte vera med. Eg ville få fram ein slags oppdatert versjon av det som både George Clinton og Snoop har gjort i mange år, men med ein rar norsk tvist.
Med den kommande hip hop plata grev Ralph Myerz seg tilbake til sine musikalske røter.
Begynte med hip hop
– Hip hop har vore veldig viktig for meg når det gjeld å oppdaga andre musikkformer. Eg begynte jo med å laga hip hop. Det var første sjangeren eg begynte å høra på. Dei sampla mykje gamal jazz og funk, så det neste eg gjorde var å spora desse opp.
Dermed opna det seg ei heilt ny verd for meg av jazz, funk og disco. Eg har gjerne drive med anna musikk sjølv, men eg har heile tida produsert mykje hip hop for andre, stort sett amerikanske artistar, ved sida av, seier han.
Prisen for det høge kreative tempoet er at det vert langt mellom konsertane.
– Eg kjem til å vera ein del fram og tilbake til USA. Den neste plata kjem ut her heime i november. Så kjem ho ut tidleg neste år i USA. Det eg helst vil bruka tid på no er å laga nye ting i studio. Eg har mykje eg vil få ut der, så eg vil roa det ned litt med konsertar, seier han.
– Men eg håper eg får vera litt på Sellevold og fiska og gå på tur. Eg har heldigvis fått vera der mykje i det siste. Det er godt å komma der og slappa av, legg han til.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




