Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Solidaritet gav tur til Brasil

Del | |
MELAND: Robin Vågstøl (14) frå Frekhaug er plukka ut til å vera ein av tre elevar her i landet som får reisa til Brasil for å sjå på ein barneheim som han har vore med og samla inn pengar til. Også lærar Ingunn Hungnes får reisa.
Publisert 22.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg vart glad då eg fekk vita at det var meg som fekk vera med til Brasil, seier Robin Vågstøl til Strilen.
Han har nett fullført Meland ungdomsskule sitt solidaritetsløp, der startpengane går til barneheimen Lar de Padilha, som han skal besøkja i november, heilt sør i Brasil i delstaten Rio Grande do Sul.
Robin har visst ei stund at han var den heldige som får vera med på ein ni dagars tur til Brasil, der dei både skal sjå den barneheimen han har vore med på å samla inn pengar til og vera tre dagar i millionbyen Rio de Janeiro.

Søkte
Robin var ein av fleire elevar ved skulen som skreiv søknad til rektor, der dei skulle grunngje kvifor dei ønskte å vera med på turen, som Skolenes U-landsaksjon arrangerer.
? Eg skreiv at eg ønskte å reisa for å sjå korleis borna på barneheimen levde, seier Robin.
Kvifor nett han vart plukka ut, veit han ikkje. Kva han får sjå der nede, er han heller ikkje heilt sikker på. Men han trur det vert ein spennande tur.
Niandeklassingen har aldri vore utanfor Europa tidlegare.

Ein av tre
? Grunnen til at Meland ungdomsskule er vald ut til å vera ein av tre skular i landet som får senda ein elev og ein lærar til Brasil, er at me har vore aktive i Skolenes U-landsaksjon gjennom mange år, fortel Bente Corneliussen, som er samordnar for aksjonen på skulen. Tidlegare har ein både samla inn pengar til Kamerun og Vietnam, men også i fjor gjekk pengane til Brasil.

? Me får inn pengar ved at elevane betalar ein frivillig startkontigent på løpet dei er med på i dag, onsdag. Me trur dei lærer meir ved å gjera noko i tillegg til å gje pengar, seier Corneliussen.
Sidan skulen nett har fått elektroniske orienteringsbrikker, vart dei tekne i bruk under løpet, som gjekk frå folkehøgskulen til Storeknappen, ein tur på om lag tre kilometer ein veg. Innlagt var både bakkeløp og spurt.

Jobba
Men elevane sin innsats er ikkje slutt med dette. I morgon skal alle elevane i åttande og niande klasse jobba eller skaffa pengar på andre måtar til aksjonen. Alle skal skaffa minst 250 kroner kvar, fortel Corneliussen.
Startkontigenten i løpet skal gå til leiker, klede eller anna som borna på barneheimen treng og som Robin og læraren frå skulen skal ha med seg.

Spent på musikken
Ingunn Hungnes er plukka ut blant lærarane til å vera med. Også ho måtte skriva søknad til rektor.
? Eg underviser i musikk og vil bruka turen til å finna ut litt om musikken i Brasil, i tillegg til sjølvsagt å sjå korleis borna lever, seier Hungnes til Strilen. Frå kvar skule skulle der vera personar av ulikt kjønn. Sidan læraren vart plukka ut først, vart det ein gut blant elevane som fekk vera med.

Alt i går fekk elevane ein liten forsmak på den brasilianske musikken i undervisninga. I alle klassane vil dei også ha tema om Brasil, og elevane skal få sjå ein film om korleis gateborna lever. Barneheimen som dei to frå Meland skal besøkja, ligg i ein svært fattig del av Brasil, med mange born utan foreldre. I alt skal ti personar frå Noreg vera med på turen til Brasil. Dei andre lærarane og elevane kjem frå Ny-Krohnborg skole i Bergen og ein skule i Stavanger. Turen startar 26. november og varer i ni dagar.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt