Solide overskot
Endret 20.08.07 10:49
Wergeland Holding AS er det selskapet i heile distriktet som skaffar mest pengar i statskassen i 2004. Med ei skattbar inntekt på 22,9 millionar kroner og 6,4 millionar kroner i skatt, toppar dei lista i Nordhordland og Gulen.
Og ikkje nok med det. Steinknuseverket i konsernet, Halsvik Aggregates AS, hadde ei skattbar inntekt på 8,4 millionar kroner i 2004, og Wergeland Halsvik AS vel millionen. Samla står Wergeland-selskapa i Sløvåg dermed for 32 millionar i inntekt og over sju millionar kroner i skatt.
Til
oljeindustrien
Som
forklaring på det svært gode resultatet i 2004 seier dagleg leiar Lars
Hellandsjø:
?
Det var eit godt år mellom anna på grunn av leveransar av stein til
oljeindustrien, og inneverande år vert også bra.
Steinknuseverket leverer stein til dekka til gassleidningen frå Ormen Lange-feltet til landanlegget på Aukra i Romsdal, og til leidningen som går sørover til Storbritannia. Hellandsjø håpar at ein del av dei sju millionane i skatt dei betalar, kjem kommunen til gode.
Septik
og tankar
Men
også Johny Birkeland Transport AS hadde eit svært godt år i 2004. Selskapet
driv mellom anna med tømming av septiktankar, men dei har fleire bein å står
på. ?
Om lag 30-40 prosent av omsetnaden vår gjeld reingjering av tankar på supplybåtar
som ligg ved kai i Sløvåg, fortel dagleg leiar Johny Birkeland i selskapet til
Strilen. Selskapet
har også ansvar for oppsamling av sand og jord frå vegkummar i Bergen kommune.
? 2004
var nok eit spesielt godt år for oss, fastslår Birkeland overfor Strilen.
Forlik
At
Gulen Skyssbåtservice AS, som mellom anna driv skyssbåten «Tornerose», kom så
godt ut i 2004, har spesielle årsaker, seier dagleg leiar Per Vold. ?
Me har hatt gåande ei sak med Kystverket, som trekte seg frå ein kontrakt om
leige av ein av båtane våre. Det vart inngått eit forlik i denne saka i 2004,
og det slår ut på tala for fjoråret. Eit
anna reiarlag på lista, Bjørn Vold AS, driv mellom anna ambulansebåten i Gulen.
Lista i Gulen viser elles at fleire selskap har hatt gode resultat i 2004. Firda Eiendom er eit selskap Ola Braanaas står bak, men som ikkje har noko å gjera med oppdrettsverksemda, seier han til Strilen. Firda Sjøfarmer AS hadde null i inntekt, men betalte likevel 400.000 kroner i skatt, ifølgje Likningskontoret sine lister. Elles viser lista at Stain Management AS, som truleg må ha med Idol-kjendis Håkon Njøten å gjera, hadde inntekter på 299.814 kroner i 2004. Dermed ser det ut for at Idol-eventyret også skaffa litt pengar i kassen.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




