Song i Grieghallen
Endret 20.08.07 10:49
Veldig kjekt
? Det er veldig kjekt å få prøva. Me gler oss til å synga, sa Solveig Gilborne og Pernille Wiik Berg til Strilen, knappe ti minutt før dei skulle i elden torsdag.
Det var ikkje fritt for at dei hadde ein og annan sommarfugl i magen, men dei let seg ikkje skremma. Begge to har vore songelevar hjå Kjersti Wiik i vel tre år og har fått tid til å opparbeida seg ein del sceneerfaring. Pernille Wiik Berg har fått prøva scena i Greighallen tidlegare då ho var med under Ungdommens kulturmønstring. For Gilborne derimot er Grieghallen ei ny oppleving.
Laga demo
Jentene har hatt øvd jamt i lang tid. I februar/mars spelte dei inn ein demo som vart sendt inn til vurdering og i april kom svaret.
?Du kan tru det var stor stas då kulturskulerektor i Lindås ringde og fortalde at begge to var plukka ut til å vera med. Det er første gong nokon av mine elevar har søkt om å få vera med. Dette var ei gledeleg overrasking, seier Kjersti Wiik og fortel at jentene jobbar målretta og bra.
Ho meiner at konserten er ein viktig motivasjonsfaktor. Før festforestillinga fekk jentene mellom anna rettleiing av Leif Egil Vatnøy som har regien for showet.
? Det er kjekt og nyttig at jentene får delta i eit slikt stort og profesjonelt show, seier Kjersti Wiik
Stor applaus
Peer Gynt-salen var fullsett då festspeldirektør Per Boye Hansen gjekk på scena for å ønskja velkommen til eit flott og variert program. Publikum kunne gle seg over både hornmusikk, dans, felespel og mykje song. Både Solveig og Pernille klarte utfordringa med glans. Solveig song Tirn à noir, medan Pernille framførte «Wade in the water». Songane har jentene valt ut i samarbeid med Kjersti Wiik. Etter endt framføring fekk alle utøvarane koma opp att på scena for å få ståande applaus frå publikum.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




