Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sparer til sjuke og gamle

Del | |
RADØY: Bedriftene på Radøy vert ein av taparane i neste års kommunebudsjett. Dei fleste politikarane vil auka eigedomsskatten med 50 prosent. Vinnarane vert blant anna dei som treng sjukeheimsplass og ny Sæbø skule.
Publisert 26.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me ser at nabokommunane går opp i maksimal eigedomsskatt for verker og bruk. Difor legg administrasjonen i Radøy opp til det same. Det tyder frå fire til seks promille i 2007 og opp til maks-satsen sju promille i 2008, seier økonomisjef Sveinung Kvamme til Strilen.
Kvamme meiner bedriftene i kommunen ikkje har noko særleg å klaga over samanlikna med nabokommunane. Men dei politiske vurderingane ved auken blandar han seg ikkje inn i.
Så langt har eit fleirtal i formannskapet støtta auken i eigedomsskatt, men Venstre og Frp går mot.
? Kva med eigedomsskatt for private bustadeigarar?
? Det opnar lovverket for, men eg trur ikkje det er eit tema i Radøy. Eg er i alle høve ikkje beden om å rekna på kva det kunne gje av inntekter, seier Kvamme.
Bedriftene vil i år bidra med kring ein million i eigedomsskatt, litt mindre enn budsjettert. Neste år hentar Radøy inn nær 1,6 millionar på denne posten. Til samanlikning kan det nemnast at rammetilskot frå staten og skatt kjem opp i 142 millionar kroner.

Trongt
Budsjettet som formannskapet i stor grad støttar, er trongt både for skule, eldreomsorg og andre sektorar.
? Det vert små endringar i driftsutgiftene, med stort sett den same ramma som i år. Me har ikkje tatt høgde for stort anna enn lønsauken, seier økonomisjefen. Område som får ein liten auke i bemanninga, er fysioterapitenesta og Sørvistorget.

Store løft
? Sjølv om me har får ein viss auke i inntektene neste år, må me passa på at driftsutgiftene ikkje tek av. Det vil vera «livsfarleg» med dei store investeringane me har framfor oss, seier Kvamme.
Dei aller største løfta er 15 nye sjukeheimsplassar ved Velferdssenteret på Manger og ny barneskule på Sæbø. Neste år går den største summen, vel 17 millionar, til utviding av Velferdssenteret. Til start på Sæbø skule er oppsett fire millionar.
Andre større investeringar er fysioterapilokale ved Meieriet, ombygging av Helsehuset, vassprosjekt og kloakkutbygging. Til aktivitetshus for unge er oppsett 1,5 millionar. Mest truleg kjem dette gjennom bruk av ledig plass ved ungdomsskulen.
I alt vil Radøy investera for nær 43 millionar kroner neste år. Fram til 2010 legg kommunen opp til å auka lånebelastninga med kring 40 millionar.
«Med nøktern drift, og von i høve dei signala som no ligg frå sentrale styresmakter, er det grunn til å tru at dette skal la seg gjera», konkluderer rådmannen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt