Spelar tuba på telefonkatalogar
Endret 20.08.07 10:49
? Det ser kanskje litt merkeleg ut, men det bryr eg meg
ikkje om. Skal eg nå opp til munnstykket på tubaen slik at eg kan spela, må eg
sitja på to telefonkatalogar, forklarar Edvard Tvedt.
Han fortel at han byrja spela tuba i haust. I byrjinga sleit han veldig med tubaen. For mange er det vanskeleg nok å få lyd i det store og tunge instrumentet. Men for Edvard vart det ekstra vanskeleg, ettersom han mangla nokre centimeter på å nå opp til munnstykket. Likevel nekta tiåringen å gje opp håpet om å spela tuba i korpset. Dermed sette han hjernen i sving for å finna ei løysing.
? Ein av dei vaksne i korpset gav meg eit tips om at eg
kunne sitja på noko. Gjennom reklamen til Gule sider, kom eg på at eg kunne
nytta telefonkatalogar. Det er ingenting den ikkje kan hjelpa med, seier Edvard
og ler.
Korpsfamilie
Sjølv om Edvard Tvedt berre har spela tuba i nokre månader, føler han at han alt har fått bra tak på det store instrumentet.
? Eg var aspirant i fjor. Der lærte eg meg notar. Difor klarar eg å spela det meste, så lenge eg har notar og får litt tid til å øva, seier tiåringen.
Den ivrige tubablåsaren går på musikkøving ein gong i veka. I tillegg prøver han å øva mykje heime. Der har Edvard fleire dyktige musikantar som kan hjelpa han.
? Alle søskena mine spelar i korps også. Eg har mellom anna
to storesøstre som er veldig flinke, skryt Edvard.
Fotballgal
Men det er ikkje berre korpsmusikk Edvard er oppteken av på fritida. Så ofte han har sjansen trenar han fotball på kunstgrasbana på Ostereidet, rett ved der han bur. Han er heilt gal etter fotball, og som alle tiårige gutar har også Edvard ein draum om å verta fotballstjerne. Difor håpar han at han får tid til å kombinera både fotball og musikk lenge endå.
? Eg vil helst verta fotballspelar. Men eg har ikkje planar
om å gje opp musikken med det same heller. Kanskje eg skal prøva og verta både
fotballproff og musikkstjerne, seier Edvard spørjande.
Vil veksa frå katalogane
Sjølv om han forsikrar oss om at han sit godt på telefonkatalogane, håpar han å kvitta seg med dei med tida. Han satsar på å veksa så mykje neste år, at han rekk opp til munnstykket utan hjelp.
? Det vert litt teit visst eg må opptre med telefonkatalogar heilt til eg vert vaksen. No synest eg det er heilt greitt. Eg må nok ha telefonkatalogane under rumpa på julekonsertane i år. Neste jul derimot, er målet å spela konsert utan Gule sider, seier Tvedt.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




