Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Spelte for kongen

Del | |
BERGEN/LINDÅS: Knarvik sitt juniorkorps hadde kongeleg publikum på Torgalmenningen onsdag. 
Publisert 23.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det var litt skummelt, eg har ikkje spelt for kongen før, seier Kristin Aase med store auge.
Under opninga av Festspela i Bergen var Kristin og Knarvik Juniorkorps blant dei heldige som fekk lov å vera med i storkorpset som spelte fordei prominente gjestane. Kong Harald og dronning Sonja kom gåande etter ei lang rekke med politi og vaktar, og saman med ordførar Herman Friele og mange frammøtte kunne dei nyta tonane frå både kongesangen, bergenssangen og fleire marsjar.
? Eg spelte for kronprins Håkon i fjor. Det var ikkje så skummelt. Kongen er liksom meir ... kongeleg, seier Kristin, som spelar euphonium.
Dei andre musikantane nikkar. Det var stort å få spela for kongen. Litt kaldt kanskje, men kjekt. Det vart ein del venting på dei staslege gjestane, og veret var ikkje akkurat det aller beste. Amund Haugen hadde heldigvis kledd seg for anledninga.
? Eg var kjempevarm. Men eg hadde gløymd selen til barytonen min, så eg vart trøtt av å spela og stå så lenge, seier han.
Juniorkorpset spelte saman med fleire andre korps, samt Hans Majestet Kongens Garde.
? Det var gøy. Eg spelte på alle sangane, eg prøvde i alle fall, seier Marte Rydland, som spelar kornett.
? Ja, det var gøy, stemmer Lena Kleivdal i.
Etter fleire timar med speling, spenning og storfint publikum, slappa juniorkorpset av med pizza.
? Me trong ikkje gå på Garden si framsyning i dag, for me skal sjå dei i Nordhordlandshallen på fredag, seier borna.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt