Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Spenninga stig på Lindås

Spenninga stig på Lindås

Del | |

– Wow, kan me spela data i hallen visst me ikkje vil ha gym? utbryt tredjeklas­singane Kjartan, Jonas og Martin Emil imponerte over at Lindåshallen snart skal opna.

Publisert 20.12.11 14:06
Endret 20.12.11 14:09

Måndag 31. januar får lindåsingane 3379 kvadratmeter å boltra seg på innandørs.

– Ja, då opnar Lindåshallen for idrett, men ferdig klatrevegg og opningsfest blir litt seinare, seier byggleiar Terje Fauske frå Lindås kommune. I går inviterte han og dagleg leiar for totalentreprenøren Nævdal Yrkesbygg, Tom Martinussen, til omvising i hallen som lindåsingane har venta på i snart tjue år.

Ikkje rart ordførar Astrid Aarhus Byrknes og Hugo Vedå og Jon Helge Waldersnes frå Lindås Idrettslag gliste frå øyre til øyre då dei endeleg kunne visa fram ein topp moderne hall bygd for framtida.

KAN KNAPT VENTA: – Det kjem til å syda og koka her. Berre vent, seier den stolte delegasjonen beståande av leiar i Lindås IL Jon Helge Walderhaug, Hugo Vedaa, Cato Risøy, Astrid Aarhus Byrknes, dagleg leiar i Nævdal Yrkesbygg Tom Martinussen, Ragna Midtbø, Terje Fauske, Per Ole Ekker frå kulturkontoret og Øyvind Jacobsen frå Nævdal Yrkesbygg.


Bygd for framtida
Terje Fauske tek imot den nysgjerrige delegasjonen ved hovudinngangen til hallen. Der skal det koma kafeteria, aerobicrom og eit såkalla sosialrom. Det siste kan brukast til møterom eller grupperom alt etter behov, men må kallast sosialrom for at ein skal få tippemidlar, får me forklart.

I andreetasje er det laga til eit styrketreningsrom og eit medietek. Medieteket kan brukast til ulike aktivitetar, og både kulturskulen og skulen har planar om å bruka rommet. Også ungdomsklubben er på jakt etter eit permanent lokale i hallen.

– Målet er å samla aktivitetar som i dag er spreidd alle stader og skapa eit miljø her, anten det er idrett eller andre aktivitetar, seier Fauske.

Ein hall for alle
På bommen inn til grusbana nedom barneskulen sit nokre karar som gler seg like stort til hallen skal opnast som ordføraren og dei andre.

– Me skal ha gym der, og så skal eg sikkert på fotballtrening der, seier Kjartan Nordgulen stolt.

– Og eg skal sikkert spela både fotball og handball der, seier Martin Emil Rikstad. Dei to vedgår at dei fleire gonger har snike seg inn i hallen og kikka litt, men ikkje etter det kom lys der.

Når Strilen fortel at hallen snart er ferdig og folk som ikkje driv med idrett også kan bruka hallen, til eksempel å spela data, blir dei heilt forskrekka.

– Wow, er det sant? spør dei ivrig, og Jonas Solen Pedersen smiler og seier at då kan sikkert han óg vera der.

– Eg spelar ikkje fotball eller handball, men er med i spei­d­ar­en, forklarer han.

Har prioritert kvalitet
Frå gangen oppe, kjem ein rett inn på publikumstribunen med nitti sitjeplassar. Her har ein full oversikt over hallrommet gjennom eit rekkverk av glas, og under oss driv entreprenøren og legg 1500 kvadratmeter sportsparkett.

– Me valte sportsparkett fordi den har god demping og fordi me veit han fungerer i hallar som skal husa ulike aktivitetar slik som her. Han er lett å ved­like­halda og toler det meste unna­teke stiletthælar, seier Tom Martinussen. Entreprenøren har heller ikkje spart på golvkvali­teten i styrketreningsrom­met.

– Nei, der har me lagt eit spesielt gummibelegg som skal tola akkurat den aktiviteten, seier han.

Einingsleiar for barne- og ungdomsskulen, Ragna Midtbø, fortel at skulane kjem til å leggja beslag på to av dei fire salane i hallen kvar dag frå klokka kvart på ni til ti på halv tre.

FØREBYGGJANDE: – No snakkar me folkehelseperspektiv. Å leggja til rette for både organiserte og uorganiserte aktivitetar slik som her, er skikkeleg godt førebyggjande arbeid, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Her nyt ho utsikta over hallrommet frå tribunen saman med einingsleiar og rektor på Lindås ungdomsskule Ragna Midtbø, byggeleiar Terje Fauske og rektor på Lindås barneskule Cato Risøy.


Fire baner
Hallrommet kan delast i fire rom, og banene skal merkast i romjula.

– Eg har sett teikningane og er glad det ikkje er eg som skal gjera det, ler Fauske. Hallen skal nemleg merkjast for handball, tennis, basket, volleyball, bad­min­ton, minihandball og turn.
Skal det vera arrangement der folk skal sitja, er hallrommet godkjent for 1000 sitjeplassar.

Til hallrommet er det tilhøyrande garderobar og eigne dommargarderobar. Men hallen rommar også to fotballgarderobar. Dei ligg i det som har vore kalla garderobe- og reiskapsbygget som vart reist for rundt fem år sidan.

Universelt utforma
Entreprenøren fortel at hallen sjølvsagt er universelt utforma, og at både heis, leiestripe og automatiske døropnarar er på plass. Teleslynge er der også, både i hallrommet og på tribunen.

Hallen vert varma opp med varmepumpe luft/vatn. Dette gjev golvvarme i dei fleste romma, men i sjølve hallrommet kjem varmen via ventilasjonsanlegget.

Trafikksikring
For at uteområdet skal vera trygt å ferdast på, og at vegen mellom skulane og hallen skal vera trygg, skal det gjerast ein del trafikksikringstiltak. Det skal blant anna lagast stor parkeringsplass for privatbilar og snuplass for skulebussane utanfor hallen.

Det skal også lagast meir fortau og gangfelta skal flyttast. Til dette arbeidet har Statens vegvesen løyvd 1,5 millionar kroner som kommunen skal forskottera. Arbeidet startar til våren, og skal vera ferdig til skulestart.

Så langt er budsjettsprekken på 2 millionar kroner, altså 45 i staden for 43 millionar kroner, men ting kostar pengar. Litt konferanseutstyr her og litt brattare klatrevegg der, så blir det pengar av det, seier Fauske.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt