Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili

Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili

Del | |

RADØY: Biskop Halvor Nordhaug er på visitas i distriktet. På Radøy ungdomskule møtte han 10. klassingar med mange gode ­spørsmål.

Publisert 18.01.12 16:27
Endret 18.01.12 16:28

– Når vart du kristen? Har du hatt ein kristen oppvekst eller er du vorten kristen seinare?
– Kor stor er løna di?
– Syklar biskopen på jobb, og er han opptatt av miljøet?
– Kva seier bibelen om alkohol? Kan ein biskop drikka alkohol?
– Kva tenkjer du om abort og homofili?

I 2013 skal kyrkja ha spesielt fokus på ungdom, og ungdomen var blant dei første biskop Halvor Nordhaug møtte då han starta visitasen sin på Radøy. Biskopen stilte tysdag til spørjetime med 10. klassingane på Radøy.

– Vart mobba på skulen
Gjennom spørsmåla dei sjølv hadde laga, fekk ungdommane vita mykje nytt og nyttig om mannen som er sjef over prestar og kyrkjer i Bjørgvin bispedøme.

– Eg vart kristen 12. april 1953 klokka kvart på 12. Det var då eg vart døypt, og når du vert døypt vert du Guds born, sa Nordhaug, og la til at han vaks opp i ein kristen familie.

– Far min var prest og biskop, så de kan nok seia at eg har fått ein ganske kristen oppvekst. Det var ikkje alltid så lett. Eg vart ein del mobba for det, spesielt då eg var 8 til 12 år. Eg var ganske tjukk, hadde rødt hår og frekner og ein pappa som var prest. Det til saman gjorde nok at eg låg godt an for å bli eit mobbeoffer. Ein gong var det nokon som løfta meg opp etter ein vegg og skulle trua meg til å banna, men det klarte dei ikkje. Eg banna ikkje, i alle fall ikkje då.

Tener bra
Biskopen kunne fortelja at løna hans vert bestemt av Kongen i Statsråd og at han tener 870.000 kroner i året.

– Ååå, det er mykje, gispa nokre av elevane i salen.

– Ja, det er ganske bra. Når ein tener så bra som det eg gjer, så synest eg at ein har eit ekstra ansvar for å bruka pengane fornuftig og gje litt til gode føremål, sa Nordhaug, som på spørsmål frå salen også kunne fortelja at han som biskop ikkje eigde sitt eige hus, men må bu i bispegarden.

– Men det er ikkje noko stort offer, for bispegarden i Bjørgvin er veldig flott. Skulle du kjøpt den måtte du nok betalt 12 millionar. Så mykje pengar har ikkje ein biskop, så biskopane betaler husleige.

– Drikk alkohol, men med måte
– De stiller gode og viktige spørsmål. Nokre av dei tek det lang tid å svara på og dei har mange nyansar, men eg skal prøva, sa biskopen då elevane utfordra han på vanskelegare tema som abort, homofili og alkohol.

– Det står ingenting i Bibelen om at ein ikkje skal drikka alkohol. Tvert i mot står det fleire stader at folk drakk vin, men dei drakk ikkje mykje, og det er nok eit godt råd. Det står i Bibelen at ein ikkje skal drikka seg full. Sjølv drikk eg alkohol, men eg er måte­halden med det.

– Abort kan vera naudløysing
Nyleg førte utsegn frå ein lokal ungdomspolitikar til ein diskusjon om haldningar til abort etter valdtekt. Elevane på Radøy ville gjerne vita kva biskopen meinte om det temaet.

– Eg meiner at eit foster er eit spirande menneske. Den norske kyrkja er oppteken av å verna om det ufødde liv, men eg kan forstå at kvinner som vert gravide etter valdtekt ønskjer abort. Du kan samanlikna det med krig. I krig må du somme gongar forsvara deg og ta liv. Når ein vert valdteken vert ein invadert. Ein vert påtvungen noko som ein ikkje ønskjer, og då kan abort vera ei naudløysing.

– Kva seier du om sex før ekteskapet då?
– Eg har høyrt at det finst, fleipa Nordhaug, før han la til at han ikkje synest det er lurt å debutera seksuelt når ein er full eller med nokon ein ikkje kjenner godt.
– Det er nok dei fleste einige med. Eg meiner at sex er noko ein deler med nokon ein er veldig glad i, og at verkeleg kjærleik er trufast. Difor meiner eg også at det er innanfor rammene av ekte­skapet at sex har sin fulle plass.

For store bokstavar om homofili
Når det gjeld homofili sa biskopen at han meiner at den norske kyrkja har brukt for store bokstavar om dette.

– Bibelen er klar på at sex er noko ein har mellom menn og kvinner, men me har nokre homofile prestar i Noreg. Nokre lever i saman med andre, dei fleste gjer det ikkje. Ein kan meina mykje om homofili. Det er eit omfattande spørsmål, så de skal få kortversjonen. Det opprører meg når eg ser på fjernsyn og høyrer historier om folk som vert forfylgt og fengsla fordi dei er homofile. Eg er glad for at me bur i eit land der homofile har dei same menneskerettane som alle andre, men det betyr ikkje at eg meiner at det er rett at homofile inngår ekteskap.

Ekteskap er noko ein tradisjonelt har inngått mellom mann og kvinne, og eg synest ikkje ein skal likestilla noko som ikkje er likt, sa han.

– Snakka så me forstod
Thomas Rikstad synest det var artig å høyra svara frå biskopen. Han stilte på spørjetimen med mange spørsmål.

– Eg hadde sju spørsmål til han. Det vart ikkje tid til alle, men eg synest at me fekk vita masse interessant. Før han kom, tenkte eg at biskopen var ein eldre mann og at han kanskje ville svara litt vanskeleg, men slik vart det ikkje. Eg trur biskopen svarte ærleg på spørsmåla og han svara på ein måte som me forsto, seier han til Strilen. 

Etter møtet med 10. klassingane farta biskopen vidare til samtalar med prestane på Radøy. Onsdag gjekk visitasen vidare til Fedje og i dag torsdag, skal biskopen vera i Austrheim.

Visitasen vert avslutta med gudsteneste og visitasføredrag i Manger kyrkje søndag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt