Stal bil og større pengesummar på Manger
Endret 20.08.07 10:49
Ein bærbar pc, eit kamera, eit fotoapparat, mykje pengar, bankkort og ein bil er noko av det tjuvane har fått med seg etter to innbrot i helga. Politiførstebetjent Sigmund Erstad ved Radøy lensmannskontor karakteriserer innbrota som grove tjuveri.
? Tjuveria har skjedd rundt midnatt, og i ein slik avstand frå kvarandre at me trur dei er gjort i ein samanheng, seier Erstad.
Braut seg inn
Det eine innbrotet er gjort i ein villa i Prestmarka. Tjuvar har vore inne i villaen og stole både pengar og bankkort.
Inne fann dei og ein bilnøkkel som passa ein grå Volvo S60 som stod utanfor.
Dermed stakk dei også frå staden med ein forholdsvis ny bil, ein 2003-modell med kjenneteikn ST 77401. Tjuvane kom seg inn ved å bryta opp ei kjøkkendør.
Organisert
Det andre innbrotet skjedde i Kyrhovden, eit bustadfelt like bak kommunehuset på Manger. Der fekk tjuvane tak i ein bærbar pc, eit videokamera, eit fotoapparat og pengar.
Her kom dei seg inn ved å bryta opp ei terrassedør.
? Me trur dette er organisert kriminalitet som ikkje er gjort av lokale kjenningar, seier Erstad.
Begge husa stod tomme då ugjerninga fann stad.
? Uansett er det nesten utruleg at dei tek sjansen på å bryta seg inn slik. Eg håpar me får ei løysing på dette snart, seier Erstad.
Har observasjonar
? Me har observasjonar som tydar på at gjerningsmennene har vore i Knarvik klokka 02.45. Der har dei brukt eit bankkort frå det første innbrotet, seier Erstad.
Han er interessert i å komma i kontakt med vitne.
? Dersom nokon har sett folk som har oppholdt seg i bil i nærleiken av husa som er blitt rana, eller om nokon har sett den grå volvoen i løpet av natta, må dei ta kontakt, seier Erstad.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




