Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Stal lavvoen frå barnehage

Del | |
LINDÅS: Tjuveri av ein lavvo gjer at borna i Eknes barnehage må nyta tomatsuppa under open himmel.
Publisert 31.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

STOLEN: Her er lavvoen som vart stolen.


? Eg trur han gjekk oppover der, for skoa går den vegen, er åstadsrapporten frå Anna Hindenes.
Saman med dei andre borna i Eknes barnehage er ho på tur til lavvoen.
Det er berre det at lavvoen ikkje er å sjå. Det einaste som står att er kubbane som borna brukte å sitja på når dei naut tomatsuppa inne i lavvoen.
? Kvar er pinnane som har vore fast i teltet, spør Håvard Vatshelle.
? Det står ein der, seier Anna Hindenes.
Og heilt rett så står det att nokre teltpluggar etter tjuveriet, den eller dei som tok lavvoen har ikkje fått med seg alle.

Lavvoen vart kjøpt inn av barnehagen i fjor, og var mykje nytta utover hausten. Tjuveriet vart oppdaga førre veke. Sannsynlegvis var det førre helg at lavvoen forsvann, fortel styrar Britt Gjelsvik.
? Dei er fæle, dei som stel, sler Isabel Myking Eide fast.
Lavvoen kosta kring 5.000 kroner i innkjøp.
? På Pelle Politibil har eg sett om noko som heiter sykkeltjuvar. Det er dumt at dei stel ting, seier Anne Hindenes.




 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt