Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Stal rektor sin mobil

Del | |
LINDÅS: Lommebok og mobiltelefon må rektor Terje Hugo Aarvik klara seg utan. Torsdag kveld braut nokon seg inn på Knarvik barneskule, og på rektor sitt kontor fann dei noko dei ville ha.
Publisert 27.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Dei har stole lommeboka, mobiltelefonen og ein bærbar pc, seier Aarvik.

Han sat i møte på skulen då innbrotet fann stad.

? Tjuveriet har skjedd mellom klokka fem på sju og kvart på ni om kvelden, seier han.

Først trudde skulen at tjuvane hadde kome seg inn gjennom eit vindauge som stod på gløtt på rektorkontoret.

? Men det ser ut til at dei har brote seg inn gjennom tre dører, truleg med eit lite brekkjern. Det er mogleg at dei har kome seg ut gjennom vindauget, seier rektoren.

Tjuvane har stole ei svart veske, som dei truleg har nytta til å bera tjuvgodset i. Lommeboka og mobiltelefonen tilhøyrde Aarvik, medan pc-en var skulen sin. Heldigvis har ikkje viktige dokument gått tapt som følgje av pc-tjuveriet.

? Me lagrar alt på serveren på kommunehuset, seier han.

Ein har førebels ikkje mistenkte i saka. Men Terje Hugo Aarvik meiner det ikkje kan ha vore elevar ved skulen.

For kring eit år sidan kom nokon seg inn på personalrommet på skulen gjennom å bryta opp eit vindauge. Men då vart det ikkje stole noko.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt