Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Står på for korps, idrett og lokalhistoria

Står på for korps, idrett og lokalhistoria

Del | |

Ivar Nesbø har hatt ein finger med i det meste i Kløve-bygda. No har bygda og kommunen gjort stas på han med frivilligpris.

Publisert 09.09.11 17:42
Endret 09.09.11 17:42

 Dei ringte og spurte om ikkje eg skulle ein tur på Knarvikmil-seminaret på Frekhaug, men eg hadde eg ikkje tenkt meg dit. Eg hadde lagt andre planar, så då måtte dei ut med overraskinga veit du, flirer Ivar Nesbø.
Sist veke fekk han overrekt Lindås kommune sin frivilligpris.

– Overraskande
– Eg visste ikkje ein gong at eg var nominert, så det var veldig overraskande og eg vart spesielt glad då eg fekk høyra at det var Kløvheim bygdelag som hadde nominert meg. Eg er så heldig at eg bur i ei bygd med mange engasjerte og det er utruleg kjekt at folk i bygda set pris på det eg har sysla med. Samtidig føler eg vel at det er mange som har fortent ein slik pris vel så mykje som meg.
Når Strilen inviterer seg sjølv på besøk ein regntung kvardag, sit prisvinnaren i godstolen heime, men så mykje tid til å sitja der har ikkje 71 åringen frå Kløve. Han har framleis mange jarn i elden.
Arveleg belasta
– Eg er nok arveleg belasta når det gjeld frivillig arbeid. Far min var lærar og eg vaks opp på loftet på gamleskulen her på Kløve, så eg kom midt oppi det meste som skjedde i bygda. Berre foreldra mine var veldig engasjerte og for meg var det heilt naturleg å engasjera meg, seier Nesbø.
Han har vore både lærar og rektor på Kløvheim skule og aktiv i idretten. Mange i bygda har tatt idrettsmerke takka vera Nesbø sin innsats, og han har tatt nokre sjølv også.
– Eg har vel tatt idrettsmerket ein 35 eller 36 gongar, får Strilen vita. Nesbø har også sprunge mange orienteringsløp.
– Det hadde eg nok gjort framleis om det ikkje var for at leddgikta stoppar meg. Sjukdommen slo ut då eg var i 40-åra. Den kom brått og det var tøft å akseptera, men då eg ikkje kunne delta sjølv lenger, fann eg ut at eg heller kunne leggja til rette for at andre kunne halda seg i aktivitet. Så eg begynte å
å engasjera meg for turløyper. Det har eg halde på med lenge no, seier han.

Turløyper med folkeopplysning
Og engasjementet for turløypene viser att.
Få bygder kan skryta av så mange og godt tilrettelagte turløyper som Kløve.
– Det er mange som har hjelpt til med det og rydda stiar. Spesielt turen til Fløyen (Haugsåsen) er populær og der har eg laga ei rekkje plakatar med informasjon om tre, fuglar, dyr og litt kulturhistorie der det passa. Eg vil gjerne gje folk ei oppleving undervegs og håpar at eg også kan læra nye generasjonar noko. Eg har nok framleis mykje lærar i meg.
– Og så er du glad i lokalhistorie?
– Å ja. Eg har vore med å laga ein del små hefter om ting i bygda. Til dømes bussane som vart produsert her, skulen og kyrkja. I den seinare tid har eg brukt mykje tid på kyrkjesoga. Det enda opp med ei bok på 118 sider som faktisk går i trykken no i dag, kan Nesbø fortelja.

Følgjer med på skulekorpset
Nesbø han også hatt ein finger med i lokalpolitikken og i skulekorpset.
– Eg kunne ikkje noko særleg om musikk, men eg synest det er veldig viktig at bygda har eit skulekorps så eg var med å drog det i gang og dirigerte faktisk korpset det første halvanna året, før meir kompetente folk overtok og eg har engasjert meg for korpset oppigjennom åra. Og sjølv om helsa ikkje tillett så mange sprell lenger følgjer eg godt med på det dei gjer og eg synest no det er litt artig å følgja med på lokalpolitikarane også, og har skrive nokre lesarinnlegg til avisene. Me må jo kjempa for skulen vår. Kløve er ei levande bygd med stort engasjement og eg vil jobba for at også nye generasjonar skal få oppleva dette, seier Nesbø.  


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt