Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Står på kabel-krav

Står på kabel-krav

Del | |

RADØY: Naturvernforbundet, Folkeak­sjonen mot luft­spenn og Miljø­vernforbundet står alle fast på at linja Mongstad – Kollsnes må koma som sjø- og jordkabel.

Publisert 29.11.11 11:46
Endret 29.11.11 11:47

Det kjem fram i høyringsuttalane dei ulike organisasjonane har gjeve til dei siste tilleggssøknadene frå BKK, i høve linjeføringa for den planlagde kraftlinja.

«Folkeaksjonen Mot 300 kV Luftspenn i Nordhordland (FMNL) står fast på at kabling av heile linja er den einaste løysinga i det sårbare kystlandskapet der denne linja er planlagt».

«Naturvernforbundet Nordhordland står fast på at full kabling av linja er den einaste akseptable løysinga i dette sårbare kystlandskapet». «Norges Miljøvernforbund (NMF) krever at kraftledningen mellom Mongstad og Kollsnes i sin helhet legges i kabel. Det er over et halvt hundre truede arter i traseen for luftspenn! Siden dette er en kraftledning ene og alene for petroleumsnæringen krever NMF at de finansierer dette fullt og helt selv uten å belaste vanlige folk via nettleien.»

Det er klare ord frå alle dei tre organisasjonane i høyringsuttalane dei har sendt inn til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Unison motstand
Samstundes som organisasjonane står på kravet om kabling, vert det fleire stader vist til at det trasévalet som no ligg på bordet, er det beste ein har sett til no. NVE legg opp til å bruka sjøkabel mellom Øygarden og til Kuvågen på Radøy, gå vidare med luftspenn til austsida av øya, og så sjøkabel vidare til Lindåsneset der ein går i land og fører linja vidare til Mongstad. Både Naturvernforbundet og Folkeaksjonen meiner dei siste endringane isolert sett er positive.

– FMNL er nøgd med at linja over Fosnstraumen er lagt bort i tilleggssøknaden. Me vil likevel peika på at tilrådd kraftgate til dømes på Radøy går gjennom eit mykje nytta friluftsområde. Tur­stiar gjennom skogsmark, over myrar og ved fiskevatn er i dagleg bruk. FMLN vil såleis og minna om strålingsfaren (magnetiske felt), som ikkje må undervurderast («føre-var-prinsippet»). Når det gjeld kulturminne, vil store deler av luftlinja liggja i eit kystlandskap som var rom for svært attraktive buplassar i steinalderen. Linja vil og vera direkte skjemmande i høve til nyare tids kulturminne, jamfør negativ verknad for «Den indre farleia» med sine mange sjøbruksmiljø, skriv folkeaksjonen i sin høyringsuttale.

FMLN viser også til at det lokalt er unison motstand mot luftspenn.

– Framleis er innstillinga frå lokale politiske styresmakter i kommunane, naturvern-/friluftsorganisasjonar, turlag og grunneigarar – kort sagt alle som lever, virkar og bur i det område linja er planlagt klar: Kabling heile vegen er det einaste framtidsretta alternativet for kraftlinja Mongstad-Kollsnes.

Raudlista artar
Norges Miljøvernforbund (NMF) hadde helst sett at ein brukte berre sjøkabel, men akseptera ein del jordkabel. Men då må det vera jordkabel i ein skånsom trasé.

– Ei kraftlinje i det opne landskapet i Øygarden og Austrheim vil bli ei stor visuell forureining, både frå land og frå sjø. Kraftlinja vil gå gjennom område med 51 raudlista artar, i tillegg til område med stor verdi for friluftsliv.

NMF viser til at det vart nytta jordkabel for deler av strekninga Fana – Kollsnes.

– Når denne kraftleidningen her likevel skal kablast på to tredeler av strekninga, i form av sjøkabel, er det heilt absurd at ein planlegg luftspenn med dei store skadane det vil medføra. Nettopp på grunn av dei store skadane vart kraftleidningen Fana–Kollsnes kabla, og det skulle då vera openbert at det same må gjerast for heile linja mellom Mongstad og Kollsnes, skriv NMF.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt