Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Startar barnehage på Tveit

Del | |
MELAND: Liv Hopland van der Kooij startar ny familiebarnehage for 0 ? 3-åringar på heimgarden på Hopland frå 1. august. Her vil det vera plass til opp til ti born.
Publisert 03.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er for lite småbarnsplassar her i området. Eg trur og at det er bra for dei minste borna å gå i ein liten barnehage som dette, seier van der Kooij.
Sidan barnehagen skal liggja på ein gard, verT namnet på barnehagen Lita-god.

Samarbeid
Prosjektet vert starta i nært samarbeid med Blåklokka barnehage, og det er og styraren der Rigmor Sletten som vil vera styrar i familiebarnehagen. Van der Kooij har også arbeidd ein del i Blåklokka, så dei to har eit samarbeid alt no.
? Det er berre ei småbarnsavdeling i dette området, og det er godt med eit slikt alternativ, seier Sletten. Van der Kooij fortel at dette samarbeidet gjer at borna kjenner personalet når dei vert eldre og flyttar frå familiebarnehagen til Blåklokka barnehage.

Kontakt med dyr
Barnehageetableraren har tidlegare vore bonde, men driv no i mindre målestokk med villsau. Ho har og både arbeidd i Blåklokka barnehage og ein familiebarnehage tidlegare. Ho trur det er fint at borna får kontakt med dyr, og planlegg også å få fleire dyr på garden. Eit kopplam kan til dømes vera aktuelt. Men høns og andre fjørkre må ein dessverre styra unna i desse tider.
? Me legg elles vekt på identitet og heimstadkjensle. Me vil at borna skal slå rot i Vestbygd ? at dei vert kjende med og glade i heimbygda si, seier van der Kooij.

Plass til ti born
I tillegg til Van der Kooij sjølv, vil det arbeida ein barne og ungdomsarbeidar i familiebarnehagen og mogleg ein assistent i 50 prosent stilling. Dei vil og kjøpa pedagogiske tenester frå Blåklokka barnehage. Det skal vera plass til opp til ti born i alderen 0 ? 3 år.
Barnehagen vil ha lokale i våningshuset på garden, i tillegg til eit tilrettelagt uteareal. Dei har ikkje vorte ferdige med planlegginga før nyleg, slik at dei ikkje har vore med i det samla barnehageopptaket i Meland. Men dei vil om kort tid annonsera tilbodet, slik at foreldre kan visa si interesse.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt