Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 
Startar nyåret med ny butikk

Startar nyåret med ny butikk

MASFJORDEN: Frå nyttår overtok bygde­folket drifta av butik­ken på Sandnes. No er dei i gang med malarkostar og planar om ein lys og moderne butikk.

Publisert 05.01.12 14:27
Endret 05.01.12 14:27

– Eg nølte ikkje. Eg sa ja med det same eg vart spurt, seier Anita Tepstad.

Ho startar det nye året med ei spennande oppgåve, for frå årsskiftet tok ho over som dagleg leiar i butikken på Sandnes. Ein butikk som no skal drivast som aksjeselskap av folk i bygda, under namnet Sandnesbutikken AS.

Fram med malarkosten
Alt første nyttårsdag var den ferske leiaren på plass for å starta på jobben med å forvandla dei gamle butikklokala til ein ny, lys og moderne butikk.

– Butikken er delvis open, men det er først og fremst oppussing som står i hovudet på oss no, seier Tepstad, og nikkar mot gode medhjelparar som er i full sving med å mala himlinga.

– Oransje var veldig inn på 1970-talet, men no skal heile taket bli kvitt, slik at butikken vert lysare, seier Jolaug Haugsvær.

Ho brukte onsdag føremiddag i ei gardintrapp, med eit brett med maling i eine handa og ei rulle i den andre.

– Det er litt tidkrevjande og vanskeleg å koma til. Men me er mange som hjelper til, så det skal gå bra, seier ho.

– Ja, eg skal ikkje på jobb før i ettermiddag, så eg håpar at eg skal få hjelpt til med litt, seier Beate Sandnes. Sistnemnde er ikkje medeigar i butikken, men stiller opp med dugnadsinnsats fordi ho synest det er viktig å støtta opp når nokon vågar å satsa.

Nytt kjøleanlegg og fruktdisk
– Når folk i bygda vel å gå saman for å driva butikken vidare, så er det sjølvsagt fordi me trur at det er muleg å få det til å gå. Me vil investera i heilt nytt kjøleanlegg og fruktdisk.

Målet er å byggja opp butikken, slik at folk kan koma hit og få alt dei treng av daglegvarer. Me vil også halda fram med sal av bensin og diesel, seier Tepstad.
Butikken på kaien på Sandnes har lange tradisjonar. Den vart driven av familien Kvinge i generasjonar, men aktiviteten på kaien har dabba av med tida.

– Solbjørg Kvinge som me har overtatt etter, var ærleg på at ho ikkje satsa på butikken dei siste åra. Ho ville pensjonera seg. Det er jo forståeleg, men me syntest det var trist å tenkja på at butikklokala skulle stå tomme. Difor er me ein gjeng som har tatt initiativ og overtatt drifta, forklarer Tepstad.

Ferdig til påske
Dei ferske butikkeigarane har rekna på det, og kome fram til at det er om lag 70 husstandar i det ein kan rekna som nærområdet til butikken.

– Då har me ikkje teke med hyttefolket, men det er ein del hytter i området. Me reknar med at ein del av dei også vil nytta seg av tilbodet, seier Tepstad.

Midt på vinteren er Sandnes ein stille plass, men når våren og feriefolket kjem brukar det å vera riktig livleg på kaien. Folk kjem til butikken både med båt og bil.

– Me satsar på nyopning til påske, og til sommaren håpar me å kunna ha utvida opningstider og søndagsopen butikk med masse liv på kaien, får Strilen vita.

Tepstad har jobba ein del år på sjukeheimen i kommunen, men ho har også god erfaring med butikkdrift og har blant anna drive kafé, jobba med catering og i blomebutikk.

– Eg har også hjelpt til litt her i butikken tidlegare. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå folk som er glade for å høyra om butikkplanane våre, så no håpar me berre at folk stiller opp og brukar butikken også, avsluttar ho.

NY START: Butikken på kaien på Sandnes har lange tradisjonar. I år får den ein ny start. NY START: Butikken på kaien på Sandnes har lange tradisjonar. I år får den ein ny start.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler