Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Statsrådar til Fedje

Del | |
Miljøvernminister Helen Bjørnøy og fungerande fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen kjem til Fedje mellom klokka 14 og 16 i dag, opplyser Kystverket.
Publisert 14.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Statsrådane vil få ei orientering av Kystverket si aksjonsleiing i Bergen, og vil deretter reisa ut til havaristaden på Fedje, der dei på nært hald vil få sjå omfanget av ulukka, heiter det i meldinga.

Oljeverndepotet
? Eg kjem til å fortelja dei om det som har skjedd, men kanskje mest om det som ikkje har skjedd, seier ordførar Erling Waldershaug, som søndag føremiddag hadde eit møte med den kommunale krisegruppa.
Han kjem i alle fall til å påpeika at Fedje må få tilbake oljeverndepotet, som vart lagt ned for eit par år sidan.
? Men vinden har jo vore oppe i orkan styrke i natt, og i slikt ver er det ikkje så mykje ein kan gjera, seier Walderhaug.



Krisegruppe

Ordføraren skulle etter møtet i krisegruppa ut med losskøyta for å få oversikt over stoda, mellom anna når de gjeld omfanget av forureininga.
Meldingane Walderhaug så langt hadde fått, gjekk på at det var observert olje fleire stader, til og med inne på hamna nær ferjekaien. Men dette vil han vita meir om etter turen med losskøyta.
? i Fyrsundet skal det no vera mindre olje, seier ordføraren.
Laurdag samla ein ei gruppe med fedjingar som la ut lensene som framleis låg lagra på øya. Målet var å låsa olja inne i Fyrsundet, slik at ho ikkje forureina andre stader. Men lensene slitna og ein lukkast altså ikkje med arbeidet. No er den olja på havet igjen, eller ligg inne på land ein annan stad.

? Alvorleg situasjon
? Dette er ein alvorleg situasjon for miljøet ved at mange tonn olje lek ut. Kystverket har god kontroll på situasjonen og nødvendig utstyr er på plass, men det dårlege veret er eit stort problem, uttalar miljøvernminister Helen Bjørnøy på departementet sin nettstad.
Det vert elles vist til at det er Fiskeri- og kystdepartementet som er ansvarleg for staten sin beredskap mot akutt forureining. Når det gjeld konsekvensar av ulukker på miljø, som til dømes sjøfuglbestandar og strender, vil miljøverndepartementet gje råd til aksjonsleiinga i slike situasjonar.

Til Herdla
Det vart laurdag meldt om at olja også hadde nådd fram til fuglereservatet på Herdla. Det er og mogleg at olja vil nå fram til Solund. Oljeutsleppet ved Fedje er altså ikkje berre eit problem for Fedje, men også for andre kommunar. Dette var ikkje uventa. Det kjem meldingar om at ein del av tungolja frå det havarerte skipet «Server» har klumpa seg, noko som visstnok skal vera bra. Kystverket melder elles om at kystvaktfarty har teke opp 130 kubikkmeter med ei blanding av olje og vatn frå sjøen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt