Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Steller pent med pendlarane

Steller pent med pendlarane

Del | |

FEDJE: Kvart år deler Fedje kommune ut 200.000 tusen kroner i tilskot til innbyggjarar som pendlar.

Publisert 21.06.12 09:53
Endret 21.06.12 09:53

– Ja, det går eit par hundre tusen kroner i året til det, seier rådmann Vidar Bråthen. Han synest det er vel anvende kroner i og med at ordninga kan gjera kommunen litt meir attraktiv som bustadkommune.

Det er Stian Herøy heilt einig i. Han flytta tilbake til Fedje i 2001, og har sidan den tida pendla til jobben sin som lærar på Austrheim vidaregåande skule.

– Det hjelper godt på og er ei veldig positiv ordning for oss som er avhengige av ferja for å koma oss på jobb, seier han.

Tretten pendlarar
I dag er det rundt tretten personar som mottar slikt tilskot.

– Det handlar om å gje litt tilbake til folk som ønskjer å bu her, men ikkje får jobb her. Femten tusen kroner i året viser bra i ein familierekneskap det, seier rådmannen.

Ei gamal og god ordning
Ordninga er på ingen måte ny, men vart kraftig oppjustert for nokre år sidan i jakta på småbarnsfamiliar. Då auka til­skotet frå 10.000 til 15.000 kroner i ein jafs.

– Eg trur ikkje ordninga fanst då eg flytta tilbake hit i 2001, men ho kom på den tida, seier Stian Herøy.

Maks 15.000
Dei som pendlar fem dagar i veka, får inntil 15.000 kroner i årleg pendlartilskot, fordelt på to utbetalingar i året. Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis og må søkjast om kvar gong.

– Me har sett ei nedre grense på tre dagar i veka for å få tilskot, og så varierer tilskotet opp til fem dagar, forklarer Bråthen.

Må jo leggja til rette
Bråthen legg til at kommunen også har tilrettelagt opningstidene i barnehagen og SFO-en til å passa med ferjene.

– Vil me at folk skal bu her, må me gjera det me kan for at dei skal få kvardagen til å fungera her også, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




- Ikkje la oss betala rekninga!

- Ikkje la oss betala rekninga!

MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine.

    Vil gje Skodvin utsetjing

    Vil gje Skodvin utsetjing

    LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

      Radøyløpet vart folkefest

      Radøyløpet vart folkefest

      Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.

        Folkemøte på Byrknes

        GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

          Ayla måtte avlivast

          Ayla måtte avlivast

          MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

            Lathi på Everest for andre gong

            Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

              Siste kortnytt