Stevnebø stoppar tilsetjingsprosessen
Endret 20.08.07 10:49
Merkeleg
? I denne saka er reguleringsplanen og det som er av lovar og reglar følgd. Likevel er det ikkje godt nok, og det er litt merkeleg, seier ein tydeleg oppgjev Paulsen.
Det er selskapet Alvertunet AS som står som utbyggar av anlegget på Ikenberget. Planen har vore at Stevnebø Trelast skulle overta bygget når det var ferdig.
? Det som har skjedd no er uforståeleg, ubegripeleg. Ein kunne ha gjort vedtak om at ein fekk halda fram med arbeidet medan ein fann ei løysing på dette med vegen, men det har visst ikkje vore på tale i det heile.
Lang historie
Vedtaket i plan- og miljøutvalet stoppar mange års arbeid for Stevnebø Trelast AS.
? Me var i lang tid på jakt etter eit område i Nordhordland der me kunne utvida vår verksemd. Så fann me plass i eit område for næring og industri, der det alt var etablert næring og industri, seier Paulsen.
? Me kontakta Lindås tomteselskap med spørsmål om å kjøpa tomt av dei, og fekk ja. Seinare er det gjeve både graveløyve og oppstartsløyve, og det er inngått kontraktar for grunn- og betongarbeidet for veldig mange millionar, seier han.
Walde vil ha svar
MELAND: Walde Byggevare AS vil ha svar frå politikarane i Lindås om verksemda er velkomen til kommunen.
? Seinast på det første kommunestyremøtet i januar 2007 må me få ei avklaring på om me er velkomne, eller om me må sjå etter andre alternativ, seier Rolf Nesheim (biletet) , styreleiar i Walde Byggevare AS.
Verksemda har alt sidan 2003 arbeidd med å finna tomt til nye lokale. Etter at ei løysing på Flatøy måtte leggjast vekk, hadde dei no planar om å vera i hus i Knarvik i løpet av 2008.
? Arbeidsvilkåra er alt i dag uhaldbare for våre tilsette, både på Holme og på Frekhaug. Og me har konkrete planar om å dobla produksjonen fram mot 2010, seier Nesheim.
Sørom fjorden
Med ein auke i drifta vert det også auka trong for meir plass, men no kan stoppvedtaket i planutvalet tvinga Walde til å sjå etter nye alternativ.
? Per i dag har me ikkje andre tilbod i Nordhordland, seier Nesheim.
Får dei ikkje eit positivt svar av Lindås-politikarane kan Walde si Byggmakker-satsing hamna på bysida. Rolf Nesheim legg ikkje skjul på at han helst hadde sett at det vart nye lokale på nordsida av Salhusfjorden, og ikkje i Bergen kommune.
? Det vert i så fall stikk i strid med det me ynskjer. Me har gledd oss til å trekkja kompetanse ut til Nordhordland, og trekkja handel hit slik at me kan medverka til vekst og utvikling.
Konstruktiv dialog
Nesheim seier at Walde Byggevare har hatt ein konstruktiv dialog med dei som bur rundt tomta for Byggmakker-senteret.
? Me har lagt ned mykje arbeid i å forma bygget på ein fornuftig måte, og har teke omsyn til både våre behov, friluftsinteresser og naboane. Eg har forståing for at naboane i utgangspunktet ikkje vil ha oss dit, men om det no skulle verta slik så har me ein konstruktiv dialog, seier Rolf Nesheim.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




