Stilfull Grease på Ostereidet
Endret 20.08.07 10:49
Dobbel moro
Då musikalen Grease første gang herja kinolerreta, var det med to store stjerner på plakaten. På Ostereidet har dei no fått sine eigne stjerneversjonar av Olivia Newton John og John Travolta. Ida Kamilla Bjørge og Pia Henriette Eknes gav liv til Sandy, medan Tor Daniel Langeland og Kim Andre Mørner var kveldens Travolta-kopiar i rolla som Danny. Fordi så mange av elevane er engasjert i dramagruppa vart nokre av rollene delt. Dette kan berre reknast som positivt, for publikum fekk nyta fire flotte song- og skodespelartalent.
Nervepirrande
Eit av desse talenta var Ingvild Åsgard, som hadde rolla som tøffe Rizzo i første halvdel av framsyninga. Med innleving og flott stemme song ho med misunning i stemma om den fjollete og pripne Sandy.
? Dette er knallgøy, og så lenge eg ikkje ser på publikum, så går det bra, seier Ingvild Åsgard til Strilen.
Skodespelarane fekk seg ein pust i bakken i ein pause, men fekk samstundes tid til å kjenna litt på sommarfuglane i magen.
? Det er første gongen eg står framføre folk og syng, men det vert og den siste, seier Åsgard med skjelvande stemme.
Også Kristoffer Eknes gjorde ein spesielt god figur i si rolle som Kenickie. Han engasjerte med god innleving og bra bruk av dialekt.
? Kjempekjekt
Med full sal og god applaus gjennom heile framsyninga var det klart at publikum likte det dei fekk sjå.
? Dei er kjempeflinke, og dei verkar scenevande for å vera så unge, seier Ragnhild Namdal.
Om elevane har sommarfuglar i magen, er ikkje det noko som lett kan merkast for folk i salen.
? Dei verkar ikkje som om dei er redde for noko, men litt sommarfuglar er nok normalt. Dei kan tekstane sine, og er kjempeflinke, seier Eva Carlsen.
At det ligg mykje arbeid bak ei slik framsyning er heilt klart. I tillegg til skodespel har elevar og lærarar også jobba med dans, kor, kostyme, kulisser, lys og lyd, PR og administrasjon, musikk, sceneklargjering og catering. Det var ein stolt rektor ved Ostereidet ungdomsskule som sette i gong showet då alt endeleg var klart på premierekvelden.
? Dette er ei framsyning me er stolte av, seier rektor Knut G. Johannesen.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




