– Stopp dette kaoset før liv går tapt
KNARVIK: – Kaotisk trafikk ved skulane i Knarvik kan medføra at liv går tapt dersom ikkje tiltak vert sett i verk.
Endret 22.11.11 12:21
Det seier Tore Ljones i Juvikstølen vel og rektor Olaf Hella ved Knarvik ungdomsskule i etterkant av eit møte fredag.
Møtet på ungdomsskulen tok opp temaet som og er på dagsorden ved andre skular i Nordhordland:
Trafikkfaren om morgonen når elevar går av skulebussane, samstundes som mange foreldre køyrer borna sine i privatbilar. No i mørktida er dette ekstra risikabelt.
Også barneskuleelvar
I Knarvik ligg den vidaregåande skulen på Juvikstølen og ungdomsskulen tett ved kvarandre. Det fører til ein ekstra konsentrasjon av bussar og privatbilar mellom klokka åtte og halv ni.
– I dette området er det eit ekstra faremoment. Det er alle dei yngre elevane som skal gå frå Juvikstølen og ned til barneskulen. Dei må rett gjennom dette området, men utan at det er eit einaste oppmerka gangfelt, påpeikar Tore Ljones.
Han peikar på at den mørke årstida er verst, med størst trafikk og dårlegast sikt.
Tiltaksliste
På møtet fredag deltok både rektorane på ungdomsskulen, barneskulen, den vidaregåande skulen samt kommunen og lensmannskontoret.
Møtet er ei oppfølging av eit tilsvarande møte i vår, der ein også såg på ulike tiltak for å gjera det tryggare å ferdast i området.
– Møtet fredag var konstruktivt og me fekk sett ned tidsfristar og kven som tek ansvar for kva, seier Tore Ljones og Olaf Hella til Strilen.
Begge er redde for at elevar kan verta skadde eller at liv i verste fall kan gå tapt dersom ikkje noko vert gjort snarast.
Opphøgd gangfelt
Eit tiltak som raskt skal gjennomførast, er opphøgd gangfelt på oppsida av ungdomsskulen, der vegen går inn til idrettsbana, EBML-huset og Juvikstølen.
– Dette har avdelingsleiar Arne Eikefet i kommunen lova å få raskt på plass. Det same gjeld ein bom med saksing på gangvegen i same område, opplyser Hella og Ljones.
Langs ungdomsskulen skal det og setjast opp skilt med stans forbode. For å hindra brot på dette tiltaket, vil lensmannskontoret setja i verk patruljering og bøtelegging ved skulane både på morgon og kveldstid.
– Eitt av måla med tiltaka er å skapa fri sikt langs oppsida av ungdomsskulen, seier rektor Olaf Hella.
Innan 1. april er det eit mål å ha på plass fartshumpar mellom ungdomsskulen og den vidaregåande.
«Bak skulen»
Tore Ljones håpar og å få tatt i bruk det som i dag er ein grusveg på nordsida av den vidaregåande skulen.
– Dette er ein veg som lett kan omgjerast til ny tilkøyringsveg til parkeringsplassen på nedsida, seier Ljones. Han viser til at det vil få ein del privatbilar bort frå området med mest trafikk.
Ljones vil ta dette opp med fylkeskommunen via Juvikstølen fvel.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




