Stor handelslekkasje i Masfjorden og Fedje
Endret 20.08.07 10:49
I første halvår 2005 handla ein gjennomsnittsnordmann for 27.850 kroner ut frå omsetnaden i detaljhandelen, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein auke på 3,1 prosent samanlikna med fjoråret. Viss ein reknar med at folk stort sett handlar like mykje over heile landet, viser tala at i Masfjorden og på Fedje brukar innbyggjarane berre kvar tredje krone i butikkar innanfor kommunen sine grenser.
Lågast er det i Masfjorden med 9.354 kroner.
Dette har sjølvsagt ikkje berre med lojalitet å gjera, men også kva slag butikkar som finst innanfor kommunen sine grenser. På Fedje og i Masfjorden er mange vareslag ein ikkje får tak i.
Til Knarvik
Ut frå tala er det berre Lindås som kan visa til handelsinnvandring. Og det skuldast sjølvsagt først og fremst butikkane i Knarvik, som trekkjer til seg kundar frå heile Nordhordland, og ein del frå sørsida av fjorden og.
Omsetnaden i Lindås ligg på 31.810 kroner pr. innbyggjar. Viss ingen i Lindås handla utanfor kommunen sine grenser, skulle det tilseia at knapt 4.000 kroner av dette vert handla av kundar som ikkje bur i kommunen. Så enkelt er det sjølvsagt ikkje, men tala gjev ein peikepinn om kor handlestraumane går.
Lojale Austrheim
Tala for Nordhordland og Gulen viser elles at folk i Austrheim er flinke å handla i eigen kommune. Folk i Meland er derimot ikkje særleg lojale, medan Radøy, Modalen og Gulen er så midt på treet.
Litt påfallande er det at tala er så høge i ein så liten kommune som Modalen, men kanskje har avstand noko å seia.
? Detaljhandelen pr. innbyggjar første halvår 2005 var slik:
Kommune Omsetnad i kr
Lindås 31.810
Austrheim 22.203
Modalen 16.751
Radøy 15.831
Gulen 14.239
Meland 10.399
Fedje 9.977
Masfjorden 9.354
Handlar i heimkommunen
? Så lenge prisane er greie og eg finn det eg vil
ha, ser eg ingen grunn til å handla
andre stader.
Betty Bakken Kleppe har gjort unna den dagleg handelen i Rimi-butikken i Mastrevik Torg. Ho har budd 27 år i Austrheim og ser ingen grunn til å reisa utanfor kommunen sine grenser når ho skal handla.
? Viss det er noko dei ikkje har, er dei flinke til å skaffa det, og prisane er slik midt på treet, seier ho.
Men ikkje alt handlar ho i Austrheim.
? Når det gjeld kle, reiser eg til Knarvik eller Bergen. Eg finn ikkje det eg likar her, slår ho fast.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




