Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Stor trafikkaksjon

Del | |
LINDÅS: Det var nok mange bilførarar som fekk hjarta i halsen når dei fekk sjå det store oppbudet av politi og andre kontrollørar på Åse i Lindås fredag ettermiddag.
Publisert 22.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Anne Britt Wergeland var ei av dei som vart stoppa, og ho måtte ta alkotest.
? Eg må seia at eg vart litt stressa med det same eg såg alle politifolka, seier Wergeland.
Men ho synest at de er bra at det er slike kontrollar, for det er mykje stygg kjøring å sjå. Særleg reagerer ho på ein del stygge forbikjøringar.

Prøveområde
Nordhordland er plukka ut som prøveområde i Hordaland for ei storstilt satsing på informasjon og kontrollar for å få ned talet trafikkulukker.
? Ei årsak til at denne regionen er vald som prøveområde, kan nok vera at det har vore veldig mange trafikkuhell her i det siste, seier Ove Hindenes ved Lindås og Meland lensmannskontor.
Han seier at det vert fleire kontrollar framover, sjølv om det vert ei stund til dei gjennomfører like store aksjonar som dei hadde i går.

Eit samarbeidsprosjekt
Prosjektet er eit samarbeid mellom politiet, Vegvesenet, trafikkskular og Trygg Trafikk, og er ein del av fylket sin handlingsplan for trafikksikring 2006 - 2009.
Under aksjonane skal dei stoppa flest mogleg bilistar, ikkje først og fremst for å bøteleggja, men for å formidla informasjon. Dei delar ut brosjyrar og let folk få testa korleis det kjennest når bilen går rundt eller kolliderer.
? Men me gjennomfører også fartsmålingar og promillekontrollar under aksjonen, seier Hindenes.
Heilt utan bidag til statskassa frå fartsglade bilistar vart nok difor ikkje denne aksjonen. Den tida Strilen var innom var det ein bilførar som vart målt til 93 km/t med laseren.

Fekk testa bråstoppen
I tillegg til kontroll og utdeling av informasjonsmateriell, fekk bilførarar prøva korleis det er å sitja i setet når ein får bråstopp.
? Testen tilsvarar åtte km/t, men eg kan lova at dei som har prøvd dette ikkje set seg oppi bilsetet den nærmaste tida utan sikringsbelte, seier trafikklærar Rune Arnesen.
Alle som må gjennom tryggleikskurs på bane, får i dag testa dette.
Folk fekk også prøva seg i «Velte-Petteren», som er ein bilkupe dei kan snurra rundt. På den måten får ein kjenna på kroppen korleis det er å trilla rundt med bilen.
Det er første gong det vert gjennomført ein så stor aksjon her i Hordaland, fortel trafikkkoordinator Inge Nordstrønen, som var ansvarleg for aksjonen. Han fortel at dei i tillegg til ved krysset til Åse, hadde ein kontroll ein annan stad i regionen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt