Store sprik i kommunale gebyr
Endret 20.08.07 10:49
I Lindås kosta det i 2005 18.160 kroner å få utført
kartforretning på ei tomt inntil to dekar. Den same tenesta i Masfjorden kostar
i år 8.760 kroner.
Gebyret er det same enten det er snakk om å skilja ut ei ny
tomt eller utføra kartforretning for ei eksisterande tomt som ikkje tidlegare
er oppmålt.
Kostnaden aukar for tomtene etter storleik, slik at ei tomt
på over 20 dekar kosta i fjor kosta
33.740 kroner i Lindås, medan kartforretning for ei så stor tomt i Masfjorden i år kostar 18.300 kroner.
Grunnen til at me opererer med 2005-prisar i Lindås, er at
dei førebels ikkje har vedteke nye satsar for 2006. Dei skal opp i
kommunestyret i februar.
Reguleringsplan
Strilen har også samla inn opplysningar om gebyra som
kommunane tek for godkjenning av private reguleringsplanar. Også her ligg
Masfjorden lågast, med 7.500 kroner for ein enkel plan. Radøy tek seg best
betalt for dette: 25.000 kroner. Også Meland og Lindås ligg over 20.000 kroner,
medan Austrheim og Fedje tek 15.000 kroner.
Ein stor og komplisert plan kostar stort sett frå 75.000 til
80.000 kroner å få godkjend. Her ligg Fedje lågast, med 25.000 kroner i
grunngebyr.
Mykje arbeid
? For folk flest kan nok gebyra synast høge, men me har
ganske mykje arbeid både med reguleringsplanar og kartforretningar, seier
utbyggingssjef Lars Johan Haukås i Lindås kommune.
Når det gjeld reguleringsplanar, skal kommunen hjelpa
utbyggjar med å laga føresegner som held mål, ein må sjekka om planen i samsvar
med eksisterande kommuneplanar, det må arrangerast møte og planane må sendast
ut på høyring.
For kartforretningar må folk frå kommunen ut i marka for å
måla opp tomtegrensene, og kart må oppdaterast.
Løn ein brøkdel
For nokre år sidan fekk Nordhordland og Gulen utarbeidd
felles gebyrmalar. Den som stod i spissen for det arbeidet, var rådgjevar
Torbjørn Trageton, som var innleigd for å gjera jobben. Når Strilen spør kvifor
gebyra vert så pass høge, seier han:
? Mange trur at det berre er løn for dei som skal gjera
jobben i kommunen, som ligg inne i gebyra, og då kan eg godt forstå at folk
tykkjer det er dyrt. Men det er så mykje anna og som ligg inne i gebyra.
Løna utgjer kanskje berre rundt ein tredjedel. Resten skal
dekka kostnader kommunane har med innkjøp av data og utstyr. Det nye systemet
med digitale kart medfører mellom anna store investeringar.
Dekka inn
Det er også andre tilhøve som spelar inn på gebyra.
? Stortinget har vedteke at kommunane skal kunna få
dekt alle sine kostnader med arbeida kommunen er pålagd til dømes etter
delingslova i form av gebyr. Det inneber at gebyra også dekkar kostnader som
primært kjem storsamfunnet til gode, og ikkje direkte er ei teneste for dei som
får utført oppdraget. På denne måten må gebyra dekka utgifter som like naturleg
kunne vore dekka over statlege overføringar til kommunane, seier Trageton.
Ulike satsar
Det er berre visse kommunale tenester kommunane har lov å ta
gebyr for. Det fører til at dei kanskje hentar inn ekstra mykje der for å dekka
inn andre kostnader som dei ikkje har lov å ta gebyr for.
Lars Johan Haukås utdjupar dette.
? Me brukar veldig mykje tid og ressursar på å handsama
klagesaker, men dei har me ikkje lov å ta oss betalt for.
Når satsane varierer så mykje frå kommune til kommune, kan
det ha fleire årsaker. Ein del kommunar har til no bevisst lege lågt for å
trekkja til seg innflyttarar og stimulera til byggeaktivitet. Med strammare og
strammare kommuneøkonomi ser fleire og fleire seg nøydde til å dekka inn dei
faktiske kostnadene. På den andre sida har kommunane ikkje lov å ta meir i
gebyr enn kostnadene dei har. Kommunale gebyr skal ikkje vera ei inntektskjelde
for kommunane. Folk som meiner gebyra er urimeleg, bør difor kunna be om ei
forklaring.
? Eg kan trøysta folk som tykkjer Lindås kommune tek seg
godt betalt, med at det meste er endå dyrare i Bergen, smiler Haukås. Trageton
på si side understrekar at gebyrstorleiken ikkje kan brukast som ein mål på kor
effektive dei ulike kommunane er, fordi det er mange tilhøve som verkar inn på
gebyrstorleiken.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




