Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Stort besøk

Stort besøk

Del | |

Ikkje mindre enn verdas største ­kranskip ligg for tida utanfor Mongstad Sør. (Foto: Silje Andvik Hoaas)

Publisert 04.07.12 16:53
Endret 04.07.12 16:53

Treng du løfta noko som veg 14.200 tonn, er det berre å slå på tråden til det nederlandske rederiet Heerema. Då sender dei truleg det største kranskipet i verda, SSCV «Thialf».
Skipet med 202 meters lengde og 88 meters breidde har opphalde seg i Fensfjorden sidan måndag.
Eitt av dei lokale gjeremåla vart utført ved kai hjå Wergeland Halsvik i Sløvåg.
– Ein slepebåt kom inn til kai hjå oss med ein lekter, der det var plassert ein plattformmodul. Denne modulen løfta «Thialf» om bord til seg og skal frakta vidare, opplyser hamneansvarleg Per Wick.
No ligg det svære kranskipet utanfor Mongstad Sør, inntil det seglar vidare i dag eller ein av dei nærmaste dagane.
– «Thialf» får no om bord forsyningar, som vert tatt ut til skipet frå Mongstad Sør med følgeskip. Det vert også gjennomført bytte av mannskap og litt testing, opp­lyser Frode Ben­dik­sen i skipsagenten Kuehne+Nagel sitt Bergens­­­kontor.
Der har det siste dagane vore hektisk aktivitet for å koordinera «Thialf» sitt besøk i Fensfjorden på beste måte.
På Wikipedia kan ein lesa at det er Heerema Marine Con­trac­t­ors som opererer «Thialf». Verdas største kranskip vart bygd i 1985 for selskapet McDermott av skipsverftet Mitsui Engeneering & Shipbuilding. Hereema tok over som eigar i 1997. Skipet har to kranar og brutto tonnasje er 136.000 tonn.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Radøyløpet vart folkefest

Radøyløpet vart folkefest

Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

    Folkemøte på Byrknes

    GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

      Ayla måtte avlivast

      Ayla måtte avlivast

      MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

        Lathi på Everest for andre gong

        Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

          Tok årets første bad

          Tok årets første bad

          MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

            Tog og is uansett ver og vind

            Tog og is uansett ver og vind

            Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

              Siste kortnytt