Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Stort nybygg i Knarvik

Del | |
LINDÅS: ? Også NAV-etaten kan få plass, forsikrar Oddar Reikerås og Egil Sagstad. Dei er klar med planar for nytt forretningsbygg i Knarvik på 12.000 rutemeter.
Publisert 12.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Når dei to presenterer planane om det nye kjempebygget, klarer ingen å halda tilbake eit smil:
? Me har halde planane tett til brystet så langt. Men etter Strilen sin artikkel «Bill.mrk: Treng plass under same tak» måtte me berre koma på bana med eit svar! seier Oddvar Reikerås.
Artikkelen omhandlar samanslåing av tidlegare Aetat, trygdekontoret og sosialkontoret til NAV. Det nye Arbeids- og velferdskontoret i Lindås må vera plassert i Knarvik. Så langt er det ikkje avgjort kor kontoret med kring 35 tilsette skal koma - med eit plassbehov på opp mot 1000 rutemeter.
Siktemålet er at kommunen i løpet av januar skal melda frå til staten kva lokale som er aktuelle.
Det nye Reikeråsbygget vert reist av selskapet Kvassnesveien A/S, og utbygginga omfattar også nye etasjar på det eksisterande Reikeråsbygget.

Tilbyr plass
? NAV sitt behov dekkar me utan problem, seier Oddvar Reikerås og Egil Sagstad i Reknes Byggjevarer LL.
Med ei samla golvflate på 12.000 rutemeter, går dei ut frå at det er plassering i 2. etasje som er den mest aktuelle plasseringa.
? Kommunen er orientert om at me har planane for nybygg klare, så me vil naturleg nok melda oss som eit aktuelt alternativ, seier Reikerås. I Knarvik er det no lite ledig utbyggingsareal, så Reikerås trur eit tilbod om lokale i deira nybygg kan liggja godt an.
110 meter langt
Familieselskapet Reikerås Industri har lenge hatt den ledige tomta, som ligg aust for dagens utleigebygg.
? Tomta er på tre mål. Tidlegare har reguleringa ikkje vore avklart. Men den er no på plass i ein ny plan, og dermed veit me kva me har å halda oss til, seier Reikerås og Sagstad. Dei trur også tida for ei storsatsing er rett, ettersom dei veit at fleire butikkar og kontor treng meir plass.
Dagens bygg har ei lengde på 60 meter. Nybygget vert på 47 meter, slik at samla lengde vert opp mot 110 meter, tett ved E39.

Fire etasjar
Nybygget vil få ei grunnflate på kring 1700 rutemeter.
? Me legg opp til butikkar i 1. etasje som på eksisterande bygg. 2. etasje vert ein kombinasjon av butikkar og kontor og 3. etasje kontor. Til dømes er det god plass for NAV både i 2. og 3. etasje, alt etter kva dei vil. Den nye delen av bygget vil tilføra Knarvik 4.500 nye rutemeter til butikkar og kontor.
Heile toppetasjen er avsett til sjølveigande leilegheiter. For å utnytta tomta, vert parkeringsplassane lagt i fleire etasjar under bygget.

Fasaden
Teikningane viser ein fasade prega av glas og aluminium.
? Bygget ligg strategisk til tett ved E39. I rutemeter vil det nye Reikeråsbygget faktisk ha ei golvflate som ikkje er så mykje mindre enn Øyrane Torg i Arna. Det er lagt opp til ein tiltalande og open fasade, seier Egil Sagstad. Innvendig får bygget heisanlegg og rulletrapper.
? Siktemålet er at dette skal verta eit signalbygg for Knarvik, seier Oddvar Reikerås. Gamlebygget har i dag omtrent same fasaden som då bygget vart reist som møbelfabrikk på 1960-talet. No vil den fasadeen verta toalt endra og inngå i ein samla fasade for heile bygget.
Halvtanna års byggjetid
Kommunen vil motta dei formelle søknader om kort tid, og håpet er å setja spaden i jorda mot slutten av 2007.
? Med eit så stort bygg må ein rekna ei byggjetid på halvtanna år, seier Egil Sagstad. Inkludert leilegheitene og utviding av eksisterande bygg, ser han for seg ei investering på kring 120 millionar kroner.
? Vegtilkomst vert litt omlagt i høve til i dag. Dette skal gje tilkomst til det underjordiske parkeringsarealet som slik me ser det ikkje skal gje ulemper for dei nærmaste bustadhusa, seier Reikerås. Han ser difor ikkje for seg trafikkmessige protestar slik som til dømes på Ikenberget.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt