Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Støyproblem i nye skulebygg

Del | |
MELAND: Det er store akustiske problem i nybygget ved Meland ungdomsskule. Støymålingar viser at verdiane ligg over det som er forsvarleg, seier verneombod Stig Lingjerde.
Publisert 13.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dei same problema med akustikken har dei hatt ved andre nye skular og nybygg i kommunen, opplyser Jens Dahl ved drifts- og vedlikehaldsavdelinga i Meland kommune. På Vestbygd skule er tihøva utbetra. I nybygget på Rossland vart tilhøva utbetra i vinterferien, men der vart kommunen einige med arkitekten om at dei skulle ta ein del av kostnaden, fortel Dahl. Nybygget ved Rossland skule vart teke i bruk så seint som i fjor sommar.

Heile nybygget
Akustikken ved Meland ungdomsskule er dårleg i heile nybygget, ikkje berre i klasseromma. Når elevane har friminutt og oppheld seg i kantina, er det svært mykje lyd i gangane.
? Det må me nok leva med. Men med for mykje støy i klasseromma går det utover læremiljøet, og det kan ein ikkje akseptera, seier Lingjerde.
Nybygget ved Meland ungdomsskule er berre eit par år gammalt. Der er det blant anna fire klasserom og kantine. Lingjerde seier det dessverre ikkje er uvanleg at nybygg har slike problem. Det vert i dag teke for lite omsyn til akustikken når ein byggjer.
? Slik det er i dag her hjå oss, vert sjølv den minste lyd forstyrrande for både lærarar og elevar, seier verneombodet.

Snarast mogleg
Meland ungdomsskule sendte to brev til kommunen om dette i fjor, men utan at noko er gjort med romma eller at kommunen har gjeve noko form for tilbakemelding om kva dei har tenkt å gjera med dette, heiter det i eit brev som skulemiljøutvalet ved ungdomsskulen sendte i slutten av februar. Dei bed kommunen utbetra dei akustiske forholda så snart som mogleg, og peikar på at hjelpemiddelsentralen har sagt kva som kan gjerast med problema. Utvalet meiner at dette ikkje ser ut til å vera ein stor jobb.

Ikkje budsjett
Men Jens Dahl i kommunen seier at det går med mellom 10.000 og 12.000 kroner berre i materialkostnader per rom. Det kan difor vera snakk om mellom 40.000 og 50.000 kroner. I tillegg kjem arbeidskostnadene. Det er blant anna snakk om å setja opp såkalla lydfeller i taket. Dahl seier at dei kan få problem med å dekka dette innanfor budsjettet, og at det difor kan verta behov for ei politisk behandling av saka. Han ser likevel ikkje heilt vekk frå at dei klarar å få gjort arbeidet i løpet av ein av feriane i år. Dette må nemleg gjerast når skulen ikkje er i bruk.
? Dette er jo noko me berre vert nøydd til å utbetra, seier Dahl.
Han synest elles det er heilt forferdeleg at ein må ta tak i slike ting på heilt nye bygg.
 
 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt