Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Strålar for vidare drift

Strålar for vidare drift

Del | |

FLATØY: Born og tilsette i Solstrålen barnehage kan jubla, etter at Læringsverkstedet tek over drifta.

Publisert 14.12.11 15:38
Endret 14.12.11 15:39

– Me er veldig, veldig glade. Dette må vel kallast ei skikkeleg solskinshistorie,  seier styrar Mona Uglum Osberg etter at avtalen for Solstrålen barnhage kom i boks.

Avtalen er inngått mellom noverande eigar Flatøy Kvinne- og familielag og den landsomfattande private aktøren Læringsverkstedet, som tek over. Det er ein avtale som sikrar både fire fast tilsette og deltidshjelp vidare jobb frå nyttår.

Med underskot dei siste åra har framtida for barnehagen ved Flatøy skule vorte stadig meir usikker. Men no ser styraren og dei andre tilsette for seg ei langt tryggare framtid.

Treng fleire born
Tidlegare i år gjekk Meland kommune inn med eit ekstratilskot på ein halv million kroner. Dei pengane er no brukte opp, og barnehagen vil ikkje klara å driva heilt i balanse den siste tida heller, seier styraren.

Men for ho og dei andre tilsette er det ny drift som tel.

– Alle har levd i håpet om å vera sikra jobb også etter nyttår. Mange foreldre har også stillt opp med materiell for å driva barnehagen. Sjølv jobbar eg no med å få inn fleire born. Me har vore 19 born, medrekna dei yngste som tel for to. Frå nyttår gjer reglane at dei yngste berre tel for eitt barn, og då går me ned i 14 om me ikkje får inn nye born. Målet er å auka til ei avdeling på 24 born.

– Er det vanskeleg å «få tak i» fleire born?
– Eg har nettopp starta, men går etter kommunen si venteliste. Der har det vore operert med opp i 80 born, men ikkje alle har nok rett på plass. Likevel reknar me med at det skal gå bra å få inn fleire born, seier Uglum Osberg.

Håp om nybygg
Ho peikar på at dersom barne­hagen kjem opp i 24 born, vert det ein langt tryggare og meir forutsigbar økonomi.

– Då vert det eit heilt anna samsvar mellom utgifter og inntekter, seier styraren. Blant anna vil dagens bemanning vera stor nok til å ta seg av ei full avdeling på 24.

Læringsverkstedet jobbar også med å få i gang ein barnehage i Bergen. Og på Flatøy håpar styraren at det på sikt kan verta ei ny, privat barnehage.

– Læringsverkstedet er ein stor aktør, som me håpar vil satsa på nybygg på Flatøy. Då kan ei rulleting av kommunen sin barnehageplan opna for dette, seier styrar Mona Uglum Osberg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt