Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Strid om to hus på gardane

Del | |
MASFJORDEN: For å få fleire til å busetja seg i Masfjorden vil politikarane tillata at born som ikkje driv gard, får byggja hus på heimegarden. Fylkeslandbruksstyret seier nei.
Publisert 12.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Ei hovudmålsetjing med den nye kommuneplanen er å snu den negative utviklinga av folketalet i kommunen. Me meiner at eitt tiltak er å gjera det lettare for dei som veks opp på gard, å få fråskilt tomt på garden. Difor vil me tillata hus nummer to utan at det er snakk om kårhus, seier ordførar Håkon Matre til Strilen.

Dette er retningsliner som politikarane vil ha inn i føresegnene for kommuneplanen, som truleg vert vedteken 15. desember.

Men landbruksdirektøren og fylkespolitikarane er ikkje samde i dette. Då fylkeslandbruksstyret hadde oppe kommuneplanen i Masfjorden nyleg, vedtok dei at hus nummer to på gardane må sjåast i ein landbruksfagleg samanheng. Huset bør også liggja i tilknyting til tunet på garden. Det inneber at dei ikkje vil at målsetjingar når det gjeld folketal, skal ha avgjerande vekt.

? Me skal ha denne saka oppe i formannskapet på tysdag, og det er heilt klart at me ikkje utan vidare vil bøya oss for det fylkeslandbruksstyret seier. Å opna for busetnad på gardane var eit viktig element i vår strategi for auka folketal, seier Matre. Han viser og til at andre kommunar har tenkt i same banar, sjølv om han ikkje veit om nokon har teke det direkte inn i kommuneplanen. Matre reknar med at det også kan vera aktuelt å drøfta saka med landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen for å finna formuleringar som begge partar kan godta.

Saka skal og opp i planutvalet 6. desember. Der vil ein også drøfta innvendingane som er komne fram mot arealgrensene på hytter og kaiar i kommunen.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt