Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Strilamuseet får bompengebuene

Del | |
LINDÅS: Strilamuseet på Seim får etter alt å døma ein ny attraksjon: Bompengebuene som no skal vekk frå Flatøy.
Publisert 01.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me må sikra at buene vert tatt vare på for å få ein samanheng i utviklinga. Strilamuseet og Lindås sogelag skal ikkje berre vera opptatt av det som skjedde for hundre år sidan. Me må ta vare på det som forsvinn også i vår tid, seier Sissel-Anny Hjelmtveit i sogelaget.
Bompengebuene skal vekk. Bergensfirmaet Staren AS skal ha ein million kroner for jobben, men har ikkje bruk for buene. Førre laurdag opna firmaet for at andre kunne få overta desse. Onsdag tok Lindås sogelag kontakt med Staren AS. Og tilbakemeldinga var klar: De kan få buene! Men då må sogelaget vera raske med å finna ein stad der buene kan plasserast, for buene skal vekk frå Flatøy i månadsskiftet april/mai.

Hastar
? Me må få til ein avtale med huseigar på Seim slik at me får sett buene på plassen utanfor museet. Og for oss er det ein fordel å få den nye attraksjonen på plass til sommarsesongen byrjar, seier Hjelmtveit.
Ho peikar på at bompengeanlegget er eit viktig symbol som fortel noko om sentrale trekk ved utviklinga i Nordhordland.
? Dei seier noko om kor mykje me er villige til å betala for å koma oss til Bergen, seier Hjelmtveit.
Men Strilamuseet er ikkje dei einaste som har ønskt seg buene. Ikenberget vel har planane klare for eit rullebrett-anlegg der dei bua taka over anlegget på Flatøy kan nyttast til å halda rullebrett-rampene tørre.
? Du får ikkje dårleg samvit av at Strilamuseet no stoppar eit rullebrett-anlegg som ungdom kunne ha nytt godt av?
? Nei. Å nytta bompengebuer til eit rullebrett-anlegg er ein kulturkollisjon, seier Hjelmtveit.
Men Ikenberget vel ønskte seg og mannskapsbygget på Flatøy. Dette bygget vil ikkje Strilamuseet ha, og Staren AS er open for å gje dette bygget til velforeininga.

Ikkje skilta
No må sogelaget overtala huseigaren på Seim, slik at buene kan plasserast ved museet. Om det ikkje går, må dei setja buene ein annan stad.
? Me kan kanskje vurdera å setja dei på Kongshaugen, seier Sissel-Anny Hjelmtveit til Strilen.
Skilta som har hengt på og ved bompengebuene, får ikkje Strilamuseet eller nokon andre. Statens vegvesen vil ta vare på skilta, av di dei reknar med at skilta innan halvtanna år kjem på plass att på sørsida av Nordhordlandsbrua.
Planen er at ein ny runde med bompengar skal finansiera Nyborgtunnel og den delen av Bybanen som skal gå mot Åsane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt