Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Strilar fliste vossingane

Del | |
LINDÅS: Morten Andersen (33) og Hans Petter Eide (25) svingar motorsaga så flisene fyk. Vossingane var nyleg sjanselause, og no siktar dei to lindåsingane mot NM.
Publisert 03.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dei var ikkje sure, men dei bad om ein sjansen til å få revansje. Og tilbakemeldinga frå oss er at me er klare kor tid som helst og kvar det måtte vera! ler dei to skogskarane.
Då Strilen møtte dei i finveret i går, held dei på med å rydda ei tomt på Skare. På denne typen arbeid, linjerydding og felling av tre som står vanskeleg til i private hagar, er eit spesialfelt for dei to. Er ein uforsiktig der, ryk det fort ei takrenne eller ein terasse.
At dei er vande med bruk av motorsag gjennom mange år, var også grunnen til at dei våga seg med på Vossameisterskapet i motorsag nyleg. Det resulterte i følgjande overskrift i lokalavisa Hordaland på Voss: «Då strilane knuste vossingane». Av bilete som har kome på trykk, er den ingen av dei to strilane.
Men lokalvisa må berre vedgå at det ikkje alltid er slik at vossingane er best. Og resultatlista fortel sitt klare språk:
? Nr. 1: Morten Andersen
frå Lindås.
? Nr. 2:  Hans Petter Eide
frå Ostereidet.
? Eg var eit hav av poeng framfor nummer to! tergar Andersen. Resultatlista viser 1175 poeng til vinnaren og 1159 til litt yngre Eide. Først på bronseplass med 1122 poeng kom beste innfødde, Arild Kleppe.
Begge dei to strilane nytta Husqvarna sin proff-modell 346 på Voss.

Lyst å prøva seg
Det var Eide sitt medslemskap i Norges Bygdeungdomslag som gjorde at dei to kasta seg ut i konkurransen på Voss.
? Han inviterte meg med, slik at han skulle få slå meg! får me vita av Morten Andersen. Han tok utfordringa, og i etterkan må begge vedgå at deltakinga absolutt gav meirsmak.
Konkurransen om å traktera motorsaka omfatta fem øvingar: Felling, kvisting, sverdsnuing og kjedebytte pluss presisjonskapping.
? Me låg litt etter, men presisjonskapping viste seg å vera ei sterk øving for oss, fortel dei to. I denne øvinga gjeld det å treffa ein oppsett pele med treet du fell. Så vert det trekk alt etter kor mykje ein bommar. Ein av dei to klarte å splintra pelen med treet, så der vart det full poengpott. Kven det var av dei to, har dei bestemt seg for å ikkje svara på! Kvisting på tid var også ei øving som gav god poengpott for dei to strilane.

NM til hausten
Å delta på Voss gjorde dei to mest for gøy. Men no har dei planar om å delta i NM til hausten - ein eller annan stad på Austlandet.
? På Voss var me ikkje heilt fortrulege med reglane. Men no er det berre å gå i gang med å øva seg, seier Hans Peter Eide.
Og øving får dei to så godt som kvar einaste arbeidsdag. Eide brukar ein del av tida på småbruket på Ostereidet og jobbar vår og haust litt med saueklypping. Men elles er dei to mykje i lag eller også saman med Sigfred Stusdal frå Seim, som ikkje greier å vera pensjonist.

Full ordrebok
Påkrevd og trygt utstyr er sjølsagt for dei som som lever av å fella tre.
? Det er faktisk ubehageleg å jobba utan sikkert utstyr, seier Morten Andersen.
Utdanning for å jobba i skogen har dei to også skaffa seg. Morten har utdanning innan trepleie, og begge har fagbrev som skogsarbeidarar.
Av nylege oppdrag har dei dei rydda skog på Mongstad. No har dei rekna på ein større jobb som kan gå over fleire år og gje jobb for fleire enn dei to.
? Normalt veit me 14 dagar fram i tid, men det dukkar heile tida opp nye oppdrag. Så ordreboka er full i alle fall fram til sommaren.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt