Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sur poengdeling for radværingar mot Radøy!

Del | |
RADØY: ? Det er typisk for Radøy å koma på slutten, sukka tomålsskårar Heine Askeland (i midten). Også ein annan tidlegare Radøy-spelar, målvaktar Andre Pletten (t.h.), fekk godkjend hjå Radøy-trenar Terje Skjelvik. Radøy snudde 1-3 til 3-3 i ein kamp der det likevel glapp for heimelaget både i siste oppspel og avslutningar.
Publisert 21.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Begge 30-åringane frå Radøy har no to-tre år bak seg på Ny-Krohnborg. Bergens-laget hadde også med seg ein annan tidlegare Radøy-spelar, Eirik Matre. Og ein fjerde radværing, Ørjan Vågstøl, er på skadeliste.
? Me spelte ein god del i lag på Radøy. Den siste gongen var vel i 1996, meiner Heine Askeland og Andre Pletten. Etter dysten hadde Radøy-trenar terje Skjelvik kome bortom og takka for kampen. Han gav dei to godkjend karakter og meinte at årets Radøy/Manger-lag i alle høve skulle fåttt plass for ein av dei, Heine Askeland.
Mellom stengene gjorde elles Andre Pletten ein akseptabel kamp for sitt lag. Blant anna  avverga han to forsøk frå venstrekanpen av Sindre Marøy. Marøy hadde ein brukbar kamp med to nettkjenningar. Men trenar Skjelvik, og nok også Marøy sjølv, hadde helst sett at dei to forsøka frå venstrekanten også hadde gått inn.
? Me har sjansar nok til å avgjera kampen. Men sjølv om mange kjempar godt, sviktar det ein del på nestsiste-trekket. Dermed er det klart at en del spelarar har litt meir å bevisa før dei er sikra plass på førsteoppstillinga, seier Skjelvik.
Kampen på Sletta-graset såg i første runde ut til å verta målfattig. Frå litt sparsamt besette tribunar kunne heimepublikum fastslå at det var Heine Askeland som gav gjestane føringa. Etter 32 minutt var han bått umarkert på fem-seks meter. Christian Smith Hella måtte ta ein sjanse, men la seg for tidleg ned.
Etter at første omngang ebba ut med det eine målet, gav Sindre Marøy heimelaget 1-1. Seks minuttar ut i 2. omgang var han sikker frå kort hald. Men berre fire minuttar etter auka Tom Akslen til 2-1 for Bergensarane. Han runda keeper på eit gjennomspel. 20 minuttar ut i omgangen såg Heine Askeland ut til å punktera kampen med 3-1.
Men som før fekk han oppleva at nettopp Radøy/Manger kan koma til bake. Slik kampen utvikla seg, kan ikkje heimelaget vera direkte misnøgde med det eine poenget. 2-3 kom ti minuttar før full tid signert Sindre Marøy, og innbyttar Raymond Kviste sikra Radøy det eine penget fire minuyttar før full tid.
For Ny-Krohnborg var dette det andre poenget. Så har Radøy/Manger planar om å innta toppen av tabellen, var dette eit oppgjer laget burde vunne. Så langt står Radøy/Manger med sju poeng og ein plass midt på tabellen.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt